Sunnhordland

annonsørinnhald

Bygde draumehuset med Norgeshus

Bygde draumehuset med Norgeshus

I januar 2018 bestemte Martin og Linda Landmark seg for å bygga hus. Tomta vart kjøpt i mars, huset var tett i juli – og familien flytta inn i november, berre ti månadar etter at tanken om bygging gjorde seg gjeldande.

Det er berre to år sidan ekteparet flytta tilbake til øya. Martin Landmark er frå Bømlo, kona Linda er frå Re. I januar i fjor gjorde tanken seg gjeldande om at dei ville bygga hus.
- Prosessen gjekk veldig fort, seier Martin.
- Me fekk eit A-lag av tømrarar frå Norgeshus, skyt Linda inn.
Begge to skryt over den effektive og saumlause samarbeidsprosessen med bustadbyggaren.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Familien Landmark Martin, Charlotte (8), Marialinn (10) og Linda. Henriette (5) var ikkje til stade då biletet vart teke.

Familien Landmark: Martin, Charlotte (8), Marialinn (10) og Linda. Henriette (5) var ikkje til stade då biletet vart teke.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Godt samarbeid er viktig

La oss spola tilbake til januar i fjor. Linda og Martin vurderer fram og tilbake. Skal dei bygga nytt eller kjøpa eit eldre hus som dei kan restaurera?
- Kjøper du eit eldre hus, veit du kva du har å gjera dei neste åra, meiner Martin.

Les meir om Norgeshus og kva dei kan tilby her.

Med tre jenter mellom fem og elleve år, er det sjeldan ei roleg stund. Tida vil dei nytta på familie og vener – ikkje meirarbeidet som følgjer med eit eldre hus.
- Det var ikkje gunstig for oss, me ville ha tid til andre ting.
Valet fall difor på å bygga nytt. Prosessen med å skissera opp og tenka planløysingar starta. Deretter kontakta dei ulike husleverandørar og fekk forslag på hus og prisar. Valet fall på Norgeshus på Bømlo, med Arild Ervik i spissen. Anders Kloven var prosjektleiar og bindeleddet mellom kunde og Norgeshus i byggeprosessen.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Lyse flater og store vindauge er gjennomgåande i den store einebustaden. Store rom i øvste etasje gir rom for ommøblering og endringar i takt med tida. I alle rom er taket og veggane måla i same farge. Unntaket er stova.

Lyse flater: og store vindauge er gjennomgåande i den store einebustaden. Store rom i øvste etasje gir rom for ommøblering og endringar i takt med tida. I alle rom er taket og veggane måla i same farge. Unntaket er stova.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

- Me hadde to kriterium då me byrja å tenka på å bygga nytt, fortel Linda.
- For det første skulle det vera eit praktisk hus. For det andre skulle det vera koseleg. Ungane skal kunna ha med seg vener heim, naboar skal kunna koma innom. Det er viktig for oss at det kan vera liv og røre i huset.
- Så var det avgjerande at ein husleverandør kunne levera på tid, vera konkurransedyktig på pris og ha eit godt samarbeid med oss, legg Martin til. 

Ei stor avgjerd

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Martin og Linda ynskjer velkomen inn i huset på Lyhaugen på Stord. Dei er svært nøgde med samarbeidet dei har hatt med Norgehus. Merk den stilige, gule karmen og den gule døra.

Martin og Linda: ynskjer velkomen inn i huset på Lyhaugen på Stord. Dei er svært nøgde med samarbeidet dei har hatt med Norgehus. Merk den stilige, gule karmen og den gule døra.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Å bygga hus er ei stor avgjerd. Det er mange val ein må tenka gjennom, mykje å ta stilling til. Alt frå romløysingar og langsiktige planar, til val av golv og måling. Linda fortel om Norgeshus:
- På grunn av alle vala var det svært viktig at me forstod kvarandre godt. Kjemien måtte stemma, me måtte rett og slett vera «på nett» med kvarandre.

For ho var det viktig at ting fekk eit heimekoseleg og personleg preg.
- Funkishus har jo ein tendens til å bli litt firkanta og sterile, smiler ho forsiktig.
- Difor hadde me lyst å setja vårt eige preg på det, gjera det så koseleg som mogleg. Sjølv hadde eg mange tankar om korleis ting skulle sjå ut. Det er fint å ha ein husbyggar som kan dra litt i deg. Arild og Norgeshus fekk oss til å tenkja på moglegheiter me ikkje hadde vurdert, og fekk oss til å sjå ting på litt andre måtar, skryt ho. 

Her kan du bla i huskatalogen til Norgeshus.

Saumlaus prosess

Draumehuset. Det er det det er blitt, huset i Lyhaugen på Stord. Med gode løysingar og store rom som familien kan veksa i. Her kan dei ha familiemiddagar. Feira høgtider. Døtrene kan invitera over vener, gjera lekser ved kjøkenbenken. Her skal livet skje, i akkurat dette huset frå Norgeshus. Familien Landmark har fått eit hus med livsløpstandard som kan veksa med dei gjennom alle fasane i livet.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Kjøkkenet er frå Ikea og er stilreint og innbydande. Familien har teke høgde for at dei kanskje vil endra ting etter kvart, og kan til dømes laga kjøkkenøy

Kjøkkenet: er frå Ikea og er stilreint og innbydande. Familien har teke høgde for at dei kanskje vil endra ting etter kvart, og kan til dømes laga kjøkkenøyFoto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland


Huset er på 320m², har utleigeleilegheit og dobbel garasje. Fire soverom og eit disponibelt rom, to store, gode bad og ei open stove- og kjøkenløysing.
- Av praktiske grunnar har me valt laminat i staden for parkett, smiler Martin.
- Ja, for me skal jo leva her. Og huset skal passa vår livsstil, seier Linda.
- Me har til dømes vedlikehaldsfri kledning slik at me kan bruka minst mogleg tid på slike ting og mest mogleg tid på det me har lyst til, altså familie og vener.

Byggeprosessen med Norgeshus er dei svært nøgde med. Frå tanken om bygging gjorde seg gjeldande i januar, til huset var innflyttingsklart i slutten av november, tok det dryge ti månadar.
- Me har fått god hjelp heile vegen. Når alt kjem til alt handlar det om tillit. Og det har me hatt til Norgeshus, smiler Martin. 

Vil du vita meir? Ta kontakt med Norgeshus her.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Kosekrok I eit hjørna av stova kan Linda Landmark sitja og ha oversikt til både kjøkken og stover. Vindauga er trekte heilt ned til golvet, noko som gir mykje naturleg lys og skapar ei god romkjensle.

Kosekrok: I eit hjørna av stova kan Linda Landmark sitja og ha oversikt til både kjøkken og stover. Vindauga er trekte heilt ned til golvet, noko som gir mykje naturleg lys og skapar ei god romkjensle.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Trappeoppgang er tapetsert og skapar ein stilig kontrast.

Trappeoppgang: er tapetsert og skapar ein stilig kontrast.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Utan karmar Ein finn ingen dørkarmar i huset. Familien har også valt å ha same golv i heile huset, med unntak av på våtromma. Det gir eit heilheitleg inntrykk.

Utan karmar: Ein finn ingen dørkarmar i huset. Familien har også valt å ha same golv i heile huset, med unntak av på våtromma. Det gir eit heilheitleg inntrykk.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Smart huset har heile fire skyvedører til ulike terrassar og plattingar. Her frå det eine jenterommet.

Smart: huset har heile fire skyvedører til ulike terrassar og plattingar. Her frå det eine jenterommet.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Logo

Norgeshus Bømlo
Hollundsdalen 55
5430 Bremnes
Tlf. 99 35 00 33
bomlo@norgeshus.no

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.