Sunnhordland

annonsørinnhald

Har du ein draum for hagen din?

Har du ein draum for hagen din?

Hos Hageland på Heiane kan du no få hjelp til store og små prosjekt utandørs. Nina Helle er hagedesignar, og kan hjelpa deg med alt frå skråning og plantetips til planlegging av store hageområde.

Tenk inndeling av rom

Nina Helle er utdanna gartnar og har lang erfaring frå hagesenter. Dei siste ti åra har ho arbeidd som hagedesignar hos Komplett Utemiljø i Haugesund, og tek med seg brei erfaring inn i jobben hos Hageland på Stord.
- Folk ynskjer å nyta tida og dagane ute. Ein godt planlagd hage gir rom for dette. No til dags har folk ofte små tomter med liten plass til hage. Då kan det vera lurt å få ein god plan på hagen, slik at ein får utnytta plassen maksimalt, tipsar ho. 

Hagedesign dreier seg om form, fasong og materialval. På førespurnad lagar Helle hageplanar og skisser, og fortel at nøkkelen er å dela området opp i ulike sonar.
- På same måte som ein tenkjer inndeling av rom inne i eit hus, er det viktig å tenkja rominndeling ute også. Ein vil jo til dømes flytta seg etter sol og vind.

Komplett Utemiljø - Blikkfang Kva med ein hageportal i hagen din? Stilfullt og lekkert .

Blikkfang: Kva med ein hageportal i hagen din? Stilfullt og lekkert .Foto: Komplett Utemiljø

Forleng uterommet

Eit godt tips er å legga til rette for enkel og stemningsfull belysning utandørs, og Helle understrekar at det ikkje skal mykje til for å gjera ein vesentleg forskjell. Spesielt i Noreg kor det er mørkt delar av året kan belysning av hagen ofte forlenga hagesesongen.

- Når ein ser ut vindauga eller terrassedøra er det ofte ein mørk vegg som møter deg på kveldstid. Legg du til rette for enkel belysning, kan du sitja inne medan hagen vert som ei forlenging av stova, seier ho.

Se dette bildet i full størrelse
Komplett Utemiljø - Dagtid Utestove som går i eitt med omgjevnadane. Merk dråpeterrassane som gir eit spanande uttrykk.

Dagtid: Utestove som går i eitt med omgjevnadane. Merk dråpeterrassane som gir eit spanande uttrykk.Foto: Komplett Utemiljø

Se dette bildet i full størrelse
Komplett Utemiljø - Kveldstid Same utestove på kveldstid. Enkel belysning skapar god stemning.

Kveldstid: Same utestove på kveldstid. Enkel belysning skapar god stemning.Foto: Komplett Utemiljø

Det same gjeld inngangspartiet. Helle trekk fram at det gjeld å skapa ein hyggeleg atmosfære, gjerne med eit kafébord og stolar, fine plantar og litt pynt.
- Det skal ikkje mykje til. Sjølv om du sjeldan har tid til å setja deg ned, handlar det om å skapa eit hyggeleg rom, ei slags forlenging av innerommet.

Bli inspirert! Sjå Hageland sine sider for meir info og inspirasjon til uterommet.

Komplett Utemiljø - Kveldstid Det skal ikkje mykje til for å skapa ein meir levande hage - også på kveldstid.

Kveldstid: Det skal ikkje mykje til for å skapa ein meir levande hage - også på kveldstid.Foto: Komplett Utemiljø

Små og store prosjekt

Ein mann kjem innom Hageland like før intervjuet. Syner fram ein sirleg utført illustrasjon av eit morelltre, har til og med teikna inn kor det kjem nye skot. Han spør Helle om korleis han skal beskjæra treet. Ho syner fram, set nøyaktige strekar på illustrasjonen hans. Å få inn ein hagedesignar treng ikkje betyr store endringar og omveltingar i hagen. Tvert om kan Helle gi deg ein god peikepinn på korleis du kan gjera hagen både finare og meir lettstelt. Sjølv om fokusområda er på skråning, skisser og hageplanar – kan du gjerne koma innom med eit bilete.

Komplett Utemiljø - Frodig hage Kva med å bruke buskar i staden for gjerde?

Frodig hage: Kva med å bruke buskar i staden for gjerde?Foto: Komplett Utemiljø

Helle kan laga ein plan over planter og blomstar du bør ha, kva som trivs under dei ulike forholda. Dette vert lagra i ein perm på Hageland, og når du stikk innom butikken har du full oversikt over kva planter du skal kjøpa – sjølv når Helle ikkje er på jobb. Gjeld det større hageprosjekt, kan Hageland samarbeida med Komplett Utemiljø, Helle sin tidlegare arbeidsgivar. 

Slik går ho fram

Dei fleste samarbeid startar med ei synfaring, før Helle teiknar opp ei skisse. Å laga ein hageplan er den mest omfattande jobben. Helle meiner det er ei investering. På ein hageplan nyttar ho mellom 20 – 30 timar, og alt vert gjort på fastpris.
- Me må veta litt kva kunden ynskjer, sjølv om me kan foreslå ting. Me klarar å sjå moglegheiter i staden for avgrensingar, understrekar ho og trekk fram eit døme.

Komplett Utemiljø - Utemiljø Variasjon i materiale og planter skapar ein spanande hage.

Utemiljø: Variasjon i materiale og planter skapar ein spanande hage.Foto: Komplett Utemiljø


Ein kunde var overtydd om at stakittgjerde var den beste løysinga, men Helle fekk forklart at ein eplehekk kunne vera eit betre alternativ. Ein hekk kan til dømes justerast i høgde.
I hageplanen får du planar på ulike nivå. Han omfattar mellom anna ein planteplan, materialplan og ein plan for lys. Ein får full oversikt og ein god plan på korleis du best mogleg kan utnytta hageområdet ditt. I tillegg får du eit hefte med oversikt over planter og materialval. 

Var med på anerkjend blomeshow 

Komplett Utemiljø - Variasjon Stilige liner skapar liv i hagen.

Variasjon: Stilige liner skapar liv i hagen.Foto: Komplett Utemiljø

Kvart år går Chelsea Flower Show av stabelen i London. Showet er eitt av dei kulturelle høgdepunkta i verdsmetropolen, og vert helde i slutten av mai kvart år. Ein stor park vert i løpet av nokre veker delt inn i sonar, der totalen utgjer ei enorm hageutstilling. Kvar designar får fritt spelerom med sitt eige tema, og alle har ulike innfallsvinklar. Den engelske Dronninga opnar showet og utstillinga er open i to veker før alt vert teke ned. Helle omtalar showet som eit VM i faget.

- Der kokkeyrket har Bocuse d’Or har me Chelsea Flower Show. Me var med Mark Gregory og laga til utstillinga hans i fjor. Det var verkeleg ei oppleving, seier ho.
- Ein får inspirasjon og det gir ei stoltheit. Dessutan knyter du til deg ulike kontaktar og skapar eit stort nettverk.

Ynskjer du at Nina Helle skal koma på synfaring i hagen din? Ta kontakt i dag!

Se dette bildet i full størrelse
Logo

Hageland Stord 
Heiane 55, 5412 Stord
Tlf. 53 41 71 91

 

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.