Sunnhordland

annonsørinnhald

Har du ein synsvenleg heim?

Har du ein synsvenleg heim?

Ni av ti norske 75-åringar har for lite lys på heime, viser ny forsking utført av USN. Optikar Arnhild Myklebust gir deg gode tips til korleis du bør belysa heimen din.

- Ein opplev ikkje alltid at ein har dårleg belysning på heime fordi augo og hjernen vår har stor evne til å tilpassa seg omgjevnadane, forklarar optikar Arnhild Myklebust ved Brilleriet på Stord.
- Endringane skjer gradvis, og me finn gode løysingar som me trur er tilfredsstillande. Det er som å sove på ei stråmadrass og leve godt med det, men går ein over til ei Jensen Continental-madrass, vil ein neppe tilbake til stråmadrassa. Samstundes er det mange som sluttar med aktivitetar dei likar godt, nettopp fordi det vert vanskelegare å sjå, understrekar ho. 

Nedsett kontrastsyn

Når ein vert eldre, vert pupillstorleiken mindre og linsa inne i auga vert meir uklår. Dette fører til at lyset som treff netthinna og gjev informasjon til hjernen om verda me skal tolka, vert mindre god - og me må tilføra meir kunstig lys for å sjå. Konsekvensen av dette er at me får dårlegare mørkesyn og det tek lengre tid for auga å tilpassa seg frå lys til mørke. Dårleg belysning i heimen kan føre til fall fordi ein ikkje ser hindringar som lause leidningar og teppekantar på grunn av nedsett kontrastsyn. Dette kan føra til at ein vert meir utrygg og sårbar i eigen heim.

Variert belysning

Kvifor er det slik, at eldre ofte har lite belysning på?
- Kanskje det er for å spara straum? undrar Arnhild. 
- Då tenkjer eg at det er viktig at familien grip inn. Det kan monterast sterkare lyspærer og setjast inn fleire lyskjelder. Men, det må vera enkelt å betena. Det er viktig med jamn belysning for god synskomfort, men ein bør også ha punktbelysning for meir synskrevjande oppgåver som lesing, handarbeid, kryssord eller puslespel. Det viktigaste er at ein kan variera lysstyrken heime, meiner optikaren.
- Det er også viktig å ha lys som ikkje blendar, sidan me vert lettare blena når me er eldre. Ein ynskjer heller ikkje flombelysning til ei kvar tid, så eit tips er å ha mogelegheit til å variera lysstyrken. Slik kan ein endra stemninga og ha det hyggeleg, avsluttar ho. 

Når ein vert eldre er det viktig å få undersøkt synet jamnleg. Den største årsaka til at folk ser for dårleg, er at dei ikkje brukar rett brille. 

Synsprøve kan tingast på www.brilleriet.com
eller ring 53 41 10 68. 

Logo