Sunnhordland

annonsørinnhald

Slik er dei nye lokala til Stord Dekkservice

Slik er dei nye lokala til Stord Dekkservice

Etter at Stord Dekkservice bygde på lokala, fekk dei 500m² ekstra til rådigheit. Dekkhotellet har utvida kapasiteten og kan ta heile 5000 dekk i opplag. I tillegg er Sunnhordland Antirust er komen på banen. Det kjem deg som kunde til gode.

Freista for å ta av piggdekk er første måndag etter andre påskedag. Allereie i byrjinga av april kokar det hos Stord Dekkservice. Vêret har synt fram godsida, og svært mange nyttar høvet til å skifta dekk. Det gir dekkbedrifta på Heiane travle dagar – her kan du nemleg byta dekk medan du slappar av med ein kaffikopp. Og vil du gjera det enkelt for deg sjølv, let du dekka bli igjen og sjekkar dei inn på det splitter nye dekkhotellet til Stord Dekkservice.  

Gundersen understrekar at ingen, absolutt ingen, må køyra på piggfrie vinterdekk på sommaren.
- Dette skulle aldri vore tillete, og er ein direkte trussel for sikkerheita langs vegane. Køyr heller med slitte sommardekk framfor nye, piggfrie vinterdekk. Køyrer du i 100 km/t på piggfrie vinterdekk på sommartid, får du heile 21 meter lengre bremselengd enn om du hadde brukt sommardekk med same vilkår. 

 


Byte dekk? Her kan du bestille time direkte.

Nytt dekkhotell gir større tryggleik

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Størst på dekk Dei nye lokala til Stord Dekkservice er 500m², har opplagsplass til 5000 dekk og har ei takhøgd på sju meter.

Størst på dekk: Dei nye lokala til Stord Dekkservice er 500m², har opplagsplass til 5000 dekk og har ei takhøgd på sju meter.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

- Utvidinga av hotellet er i samsvar med tilbod og etterspurnad. For vår del er det viktig med ei solid kundemasse på dekkhotell, slik at dekksesongen kan bli meir forutsigbar og smidig. For kundane betyr ei utviding av kapasitet også ei oppgradering av servicen. Me har fått nye system som gir kundane større tryggleik og tettare oppfølging frå vår side. Større dekkhotell betyr også plass til fleire kundar, fortel John William Gundersen, dagleg leiar for Stord Dekkservice.

Me har no plass til 5000 hjul på dekkhotellet. I dag har me rundt 3500 hjul inne. Det er litt fleire firmakundar enn privatkundar, men trenden er heilt klart at det aukar på med private, seier John William Gundersen.
Det var tidleg i vinter at det splitter nye dekkhotellet stod ferdig på Heiane. Per no har dekkgiganten heile 3500 dekk i opplag, men har plass til 5000.
- Dekk er eit fag som stadig er i utvikling. Både på personbilar og lastebilar har det vore store endringar dei siste åra. Før var det ikkje uvanleg at det stod ein dekkomleggar i ein garasje og la om på dekk, men den tida er heldigvis over, seier Gundersen.

Difor bør du ha profesjonell hjelp til dekkskifte

At fleire og fleire vel profesjonell hjelp til å skifta på dekka er ein naturleg tendens, meiner Gundersen.
- Bilar og hjul vert stadig større, så det er inga enkel sak å byta dekk sjølv i dag. Ein ting er tyngda på hjula, ei anna er det tekniske: riktige piper, riktig plassering av jekk, riktig dreiemoment, lufttrykk, plassering av hjula og nullstilling av dekksensorar. Alt dette krev kunnskap og utstyr, og det har me på Stord Dekkservice.

- Det å skifta på dekk i dag krev både kunnskap og kostbart utstyr. Stord Dekkservice vil gjerne vera med på utviklinga i dekkfaget, så den siste investeringa er forhåpentlegvis ikkje gjort. Me som jobbar Stord Dekkservice av stolte av yrket vårt og arbeidsplassen vår.

Sjå meir av det Sunnhordland Dekkservice kan tilby her.

Sunnhordland Antirust

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Sunnhordland Antirust Arne Tjelmeland har nyleg flytta inn i splitter nye lokale på Heiane. Her med den karakteristiske oljefatet med lanolinolje som bilane vert behandla med.

Sunnhordland Antirust: Arne Tjelmeland har nyleg flytta inn i splitter nye lokale på Heiane. Her med den karakteristiske oljefatet med lanolinolje som bilane vert behandla med.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

I tillegg til å satsa stort på dekk har også Stord Dekkservice kjøpt opp Sunnhordland Antirust. Oppkjøpet kallar Gundersen ei strategisk viktig avgjerd, og produktet og tenestene som Antirust og Dekkservice leverer utfyller kvarandre godt.

Arne Tjelmeland har drive Sunnhordland Antirust aleine på Fitjar i tre år, og er godt nøgd med oppkjøpet og dei nye lokala.
- Det er lagt ned mykje pengar i lokala her, og eg er veldig nøgd. Me er vorten godt mottekne på Heiane, både av Dekkservice og kundemassen, fortel han.

Den sentrale lokasjonen på Heiane ser Tjelmeland på som eit stort pluss for kundemassen.
- Flyttinga sparar kundane våre for eit par timars køyring. På Heiane ligg me svært sentralt til, seier han og utdjupar:
- Kundegruppa kjem frå Etne, Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Austevoll. Med andre ord er det ein godt etablert kundemasse som no får det enno lettare, smiler Tjelmeland. 

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Fukt er ein stor fiende Visste du at rust trivst best ved 12˚C? Med andre ord er det lurt å tenkja på antirustbehandling heile året, ikkje berre i forkant av haust- og vintersesongen.

Fukt er ein stor fiende: Visste du at rust trivst best ved 12˚C? Med andre ord er det lurt å tenkja på antirustbehandling heile året, ikkje berre i forkant av haust- og vintersesongen.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Organisk og miljøvenleg råstoff

Ein svak eim av saueull ligg i lufta. Olja som bilane hos Sunnhordland Antirust vert behandla med, er det naturlege råstoffet lanolinolja. Eit heilt organisk og naturleg materiale som har vore på marknaden sidan 1943 og er brukt av mellom andre den amerikanske marinen. Saueulla vert sentrifugert i store tromlar, og ut kjem lanolinolje, som altså motverkar rust. Ull frå 3000 sauer går med til å laga 1000 liter lanolinolje, og det er svært godt utnytting av ressursar. 

Her kan du bestilla time til antirustbehandling hos Sunnhordland Antirust.

Fordelane med lanolinolja er mange. Mellom anna er det svært miljøvenleg, løysemiddelfritt og eignar seg difor godt til bruk i heim og fritid. Fluidfilmen har mange bruksområde, mellom anna på låsar og hengslar, elektriske kontaktar, batteriterminalar, dører og sykkelkjeder. Fluid Film tørker ikkje, og lagar ei beskyttelseshinna som gjer at fukt ikkje trenger gjennom. Enkelt forklart vert rusten metta med olje, og vatnet vert fortrengt.  

 

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Sunnhordland Antirust I dei nye lokala er det plass til både privatbilar og større køyretøy som varebilar og minibussar.

Sunnhordland Antirust: I dei nye lokala er det plass til både privatbilar og større køyretøy som varebilar og minibussar.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Aukar levetida på bilen din

Å antirustbehandla ein bil er ein effektiv prosess. Med Fluid Film, eller lanolinolje, tek heile prosessen éin dag. Først vert plastskjermar og deksel demonterte og tørka. Bilen vert reingjort med kjøletørka trykkluft. Eit stort pluss er at bilen ikkje treng sandblåsast fri for rust før materialet vert sprøytt på. Dette gjer behandlinga meir effektiv for kundane sin del. Etter at bilen er reingjort, vert olja spraya på understellet og i alle holrom. Tjelmeland forklarar at olja fortset å krypa også etter at materialet er sprøytt på.
- Ein aukar levetida på bilen med ei slik behandling, poengterer han.

Mellom kvar behandling går det seks år, men ein bør etterbehandla etter to års tid. Det er både effektivt og rimeleg, meiner han. Dei fleste har vel vore borti at ting har begynt å rusta og kanskje treng skiftar når ein har bilen inne til EU-kontroll eller service. Og når noko må bytast, vert det fort dyrt.
- Du tener raskt inn reperasjonskostnadane med ei antirustbehandling. 

Marknadsavdelinga i Sunnhordland  - Sunnhordland Antirust På baksida av Stord Dekkservice ligg inngangen til Sunnhordland Antirust. Begge partar er svært nøgde med samarbeidet.

Sunnhordland Antirust: På baksida av Stord Dekkservice ligg inngangen til Sunnhordland Antirust. Begge partar er svært nøgde med samarbeidet.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Logo

Stord Dekkservice
Rundehaugen 31
Tlf. 53 41 51 75

Opningstider: 
Mån. - fred.: 07:30 - 16:30
Laurdag: 10:00 - 14:00

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.