Sunnhordland

annonsørinnhald

Trekk pusten i Rossneset

Trekk pusten i Rossneset

Tysdag 18. juni bør du leggja turen til vakre Rossneset på Fitjar. Visninga varer frå kl. 17 - 19.

Kjensla av å gå berrføt på grønt gras. Ut i hagen din ein sommarmorgon, kjenna den salte eimen frå fjorden der nede. Plukka salatblad og krydderplanter frå din eigen kjøkkenhage. Ei lubben lita hand med årets fyrste jordbær, servert med breie smil, sukker og fløyte. Smak av sommar, smak av lukke. For her, akkurat her i Rossneset, følgjer det hage med alle bustadane. Ja, hage til leilegheitene også. Så får du oppfylt den draumen du har, om grøne fingrar og grønsaker og blomebed.

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Uteområde Fellesområda er flott opparbeidd med blomar og prydbuskar.

Uteområde: Fellesområda er flott opparbeidd med blomar og prydbuskar.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Hage med utsikt Området i Rossneset er svært fint opparbeidd.

Hage med utsikt: Området i Rossneset er svært fint opparbeidd.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Leilegheiter Kvar eining har sin eigen hage.

Leilegheiter: Kvar eining har sin eigen hage.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

På leikeplassen midt i Rossneset skal små føter springa over grusen, klatra opp på leikestativa og ta rutsjebanen ned. Og det skal kitla i magen når reila får stor fart og ei lita barnehand nesten kan ta på himmelen og klappa dei kvite skyene. For nokre er livet ein ballbinge og grusbane, tilbakelagde timar med trening for draumane inni deg. Ungdomane skal vera glade og sorglause, hausta livserfaring og veksa opp – her, like utanfor inngangsdøra di.

Kanskje er du ein slik som spring, som joggar fordi kroppen bør haldast ved like, eller kanskje spring du berre for moro skuld med eit mål du har sett deg langt der framme. Om drivkrafta er plikt eller lyst er beint fram det same, for her i Rossneset har du så innmari mange fine moglegheiter for mosjon, du kan til og med springa motbakkeløp i skogen og avslutta med ein kjølig dukkert i sjøen. 

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Leikeplass Midt i Rossneset ligg ein leikeplass med reilestativ og leikeapparat.

Leikeplass: Midt i Rossneset ligg ein leikeplass med reilestativ og leikeapparat.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Rutsjebane Leikeapparat med rutsjebane, klatrestativ og moro.

Rutsjebane: Leikeapparat med rutsjebane, klatrestativ og moro.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Og blomekvasten på bordet er frå ein av dei mange spaserturane, for her i Rossneset veks det blomar i grøftekantar og skoglysningar, og det pyntar så fint på bordet. Kanskje skal du ta med ei veninne på tur ein ettermiddag, eller ein bestefar eller kollega – gå dei flotte rundløypene der landskapet vekslar mellom skog og sjø, på asfalt og grus. Kanskje vil de ta turen ned til båthamna, der dei arkitektteikna nausta våkar over båtane som ligg her, og sjøen er som ein blank spegel.

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Ved sjøen Terrenget på Rossneset skiftar frå sjø til skog.

Ved sjøen: Terrenget på Rossneset skiftar frå sjø til skog.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Grilla ved sjøen? I heile Rossneset er det plassert ut grillar.

Grilla ved sjøen?: I heile Rossneset er det plassert ut grillar.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Eller kanskje skal du legge klokka heime og ta med familien til gapahuken like borti skogen – og de kan grilla pølser til middag og drikka kakao og eta Kvikk Lunsj. Laga kongledyr og finna eigne vegar gjennom skogen og landskapet, hemmelege utkikkspunkt der ingen har vore før – og timane berre forsvinn, for slik er livet og kvardagen og alt det fine som ventar utanfor døra i Rossneset. 

Lydsporet til Rossneset er bølgjeskvulp og måkeskrik, barnelatter og leikande ungar. Susing i trekronene og fuglekvitter. Forelska ord i øyra ein sein sumarkveld og naboar som pratar over ein kaffikopp. Knitring frå grillen og båt-dur frå fjorden. Grasklypparar og kvardagen i si reinaste form. Akkurat her. I Rossneset.

Velkomen til visning 18. juni frå kl. 17 - 19. 

Vita meir? Ta kontakt allereie i dag!

Se dette bildet i full størrelse
Rossneset  - Gapahuk I skogen er ein gapahuk, den perfekte destinasjonen for ei utflukt. Ta med pølser til grillen og kakao på termosen og skap gode minner.

Gapahuk: I skogen er ein gapahuk, den perfekte destinasjonen for ei utflukt. Ta med pølser til grillen og kakao på termosen og skap gode minner.Foto: Rossneset

Se dette bildet i full størrelse
Rossneset - Arkitektteikna naust Langs strandpromenaden finn du mellom anna flotte, arkitektteikna naust.

Arkitektteikna naust: Langs strandpromenaden finn du mellom anna flotte, arkitektteikna naust.Foto: Rossneset

Logo

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.