Sunnhordland

annonsørinnhald

Velkomen til Rossneset

Velkomen til Rossneset

Onsdag 10. april er det visning i Rossneset på Fitjar. Her får du arkitektteikna leilegheiter med høg standard, svært fint opparbeidd uteområde og nærleik til det meste. Området bør sjåast for rett inntrykk.

Sjølv på ein gråvêrsdag tek Rossneset pusten frå deg. Utsikta. Solgangen. Dei arkitektteikna leilegheitene som teiknar seg mot Fitjarfjellet. Fjorden der nede. Her kan du pusta inn den klåre sjølufta frå terrassen din medan du betraktar Seladon som siglar inn i vågen, sitja i sofakroken og sjå havgapet langt der ute utanfor Fitjarøyane. 

Har du lyst å ta ungane eller ein venegjeng med deg på tur for å grilla pølser, er det svært gode turmoglegheiter og rasteplassar spreidd ut over heile Rossneset. Her er leikeplassar i naturskjøne omgjevnadar, i tillegg til ballbinge, grusbane og skatepark. Her høyres barnelatter når det kitlar i magen av farta på rutsjebana, hemmelegheiter skal kviskrast mellom ungdomar ein lys sumarkveld borte ved rampene i skateparken. Ungdomane skal vera glade, sorglause. På fotballbana skal draumar verta til. I Rossneset skal barndomsminner skapast. 

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Rossneset Storhaugtun nord, bakre rekke. 1 leilegheit att på 71m².

Rossneset: Storhaugtun nord, bakre rekke. 1 leilegheit att på 71m².Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Les meir om Rossneset her.

Kanskje er det akkurat her du skal kjøpa din fyrste bustad. Kjenna den særeigne lukka over å endeleg eiga noko som berre er ditt. Kanskje er det her du skal stifta familie, oppleva livets største mirakel. Ti små fingrar, ti små tær. Ei lukke for stor til å skildrast med ord. 

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Strandpromenade Rossneset er svært godt opparbeidd. Langs sjøen er det laga til ein strandpromenade som er perfekt for rekreasjon og tur.

Strandpromenade: Rossneset er svært godt opparbeidd. Langs sjøen er det laga til ein strandpromenade som er perfekt for rekreasjon og tur.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Grill I Rossneset er det gode moglegheiter for tur og mange rasteplassar med grill. Her frå strandpromenaden.

Grill: I Rossneset er det gode moglegheiter for tur og mange rasteplassar med grill. Her frå strandpromenaden.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

I Rossneset skal venskap knytast, tette band og relasjonar som varar. Naboar som pratar over ein kaffikopp på terrassen ein varm sumardag, lukta av grill i lufta og lyden av ungar som leikar på bakkane. Sola skal varma, frå fjorden høyres jamn båt-dur. Kanskje har båten lagt frå kai i Rossneset, sett kursen mot badeliv, fiske og øyhopping ute i skjergarden. 

Her skal du stå tårevåt i dørkarmen når ungdomen forlèt reiret, når fotspora som ein gong var små skal ut i verda og finna sin eigen veg. Høgdestrekane på dørkarmen, dei synlege teikna på at tida går. Er du heldig flyttar han kanskje tilbake hit, akkurat hit til Rossneset, når livet har forma han og han er vorten vaksen. Kanskje er det her du skal bli besteforelder, oppleva at livet får ein ekstra dimensjon, ei ny betyding.


Det er flest kvardagar, og dei hentar deg inn i Rossneset også. Men det gjer liksom ingenting, for det er alle desse kvardagane som faktisk er livet ditt, desse øyeblikka gjer deg til den du er. Rossneset skapar berre rammene rundt.

Velkomen til visning. 

Og du, ta med deg eit venepar på visning. Kjøper begge tunbustad får de kr. 200.000,- i avslag på kvar eining!

Vil du vita meir? Ta kontakt allereie i dag!

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Leikeplass Rossneset har fleire leikeplassar i naturskjøne og lite trafikkerte område.

Leikeplass: Rossneset har fleire leikeplassar i naturskjøne og lite trafikkerte område.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Ballbinge Rossneset har fleire leikeplassar i naturskjøne omgjevnadar, i tillegg til ballbinge, grusbane og skatepark.

Ballbinge: Rossneset har fleire leikeplassar i naturskjøne omgjevnadar, i tillegg til ballbinge, grusbane og skatepark.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Tomannsbustad Tomannsbustaden er eit blikkfang, og har fått carport like utanfor inngangsdøra. Bustadane er 108m², har svært høg standard, to soverom og store, lyse flater.

Tomannsbustad: Tomannsbustaden er eit blikkfang, og har fått carport like utanfor inngangsdøra. Bustadane er 108m², har svært høg standard, to soverom og store, lyse flater.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Panoramautsikt Store, lyse flater og god utsikt er fellesnemnarar for Rossneset. Merk dei listfrie vindauga som går heilt til taket.

Panoramautsikt: Store, lyse flater og god utsikt er fellesnemnarar for Rossneset. Merk dei listfrie vindauga som går heilt til taket.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Open stove- og kjøkenløysing Leilegheitene held svært høg stadnard med store, lyse vindusflater, gode solforhold, parkett og Norema-kjøken.

Open stove- og kjøkenløysing: Leilegheitene held svært høg stadnard med store, lyse vindusflater, gode solforhold, parkett og Norema-kjøken.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Logo

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.