Sunnhordland

annonsørinnhald

Vestlio - i hjarta av Haga

Vestlio - i hjarta av Haga

Med fantastiske solforhold, utsikt og umiddelbar nærleik til det meste, er Vestlio på Stord eit heilt spesielt bustadområde.

Det er lite som slår kjensla av ein heilt ny bustad. Ingen har budd her før deg. Det er du som skal setja standarden. Innreia. Møblera. Henga opp dei fyrste gardinene, servera den fyrste frukosten. Det er du som vert den fyrste til å gå ut desse dørene om morgonen, ut for å møta kvardagen, alt det som er med på å forma deg til den du er.

Her skal du vera den fyrste til å nyta utsikta frå stovevindauga. Stord-fjella som teiknar seg mot nord, Siggjo mot vest. Kjenna med heile kroppen at her er det godt å leva. Her i Vestlio er det godt å bu.

Dette er Vestlio: nærleik til det meste.

Fronta Bolig - Vestlio Slik vert Vestlio sjåande ut når alle tre byggetrinn er ferdige. Området utanfor er opparbeidd med naturstein, og det vil bli opparbeidd med plen og planter. Det vil også koma tilhøyrande felles parkering og leikeplass.

Vestlio: Slik vert Vestlio sjåande ut når alle tre byggetrinn er ferdige. Området utanfor er opparbeidd med naturstein, og det vil bli opparbeidd med plen og planter. Det vil også koma tilhøyrande felles parkering og leikeplass.Foto: Fronta Bolig

Midt i smørauga

Solforholda, utsikta og den umiddelbare nærleiken til det meste gjer Vestlio til ein svært attraktiv stad å busetja seg. Eit naturskjønt område med gå-avstand til barnehagar, barneskule og ungdomsskule. Idrettsanlegg med fotballbanar og hall. Golfbane, ridesenter og daglegvare. Likar du gå-turar er Hystadmarkjo og Ådlandsvatnet like i nærleiken.

Samstundes bur du sentralt. Leirvik sentrum er berre ein fem minuttars køyretur vekke, åtte minutt til Heiane.
- Me ynskjer at Vestlio skal vera ein plass der alle kan trivast. Her skal det vera noko som passar for alle, seier Martha Stockmann i Fronta Bolig. 

Fronta Bolig - Vestlio Ei fantastisk utsikt frå den opne stove- og kjøkkenløysinga.

Vestlio: Ei fantastisk utsikt frå den opne stove- og kjøkkenløysinga.Foto: Fronta Bolig

Solrik tomt

Stockmann fortel at Vestlio var ein sjølvsagt plass for utbygging til bustadområde.
- Først og fremst er det veldig solrikt i Vestlio. Her er sol heile dagen fram til sola går ned bak fjella, poengterer ho.
Fronta Bolig har brukt lang tid på å plassera bygga best mogleg i forhold til sol og utsikt, slik at bebuarane får maksimalt utbyte av solgangen.
- Me har løyst dette ved å vri terrassen. Slik får me nytta både ettermiddag- og kveldssola, samstundes som ein får det beste av utsikta.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Fronta Bolig Det er inga tvil om at Vestlio er ein stad der alle kan trivast, seier Martha Stockmann i Fronta Bolig. Her saman med Kjell Framnes, dagleg leiar.

Fronta Bolig: Det er inga tvil om at Vestlio er ein stad der alle kan trivast, seier Martha Stockmann i Fronta Bolig. Her saman med Kjell Framnes, dagleg leiar.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Høg standard

I løpet av hausten vil det fyrste byggetrinnet vera ferdig. Ein sjumannsbustad står då klar for innflytting, og salet av leilegheitene er allereie i gang.
- Kjøper du bustad i Vestlio får du ein leilegheit med gjennomgåande høg standard og gjennomtenkt planløysing, seier eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv Eiendomsmegling. 

Kontakt for meir info: Elisabeth Nonås Fylkesnes i Aktiv

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Elisabeth Nonås Fylkesnes

Leilegheitene som er ferdig i fyrste omgang har ein storleik frå 71 m² – 117 m².
- Her har ein mogelegheit til å finna den typen som passar best, anten ein ynskjer to eller tre soverom, større stove eller har preferansar på fyrste eller andre etasje, utdjupar ho.
Er du tidleg ute med å kjøpa, får du også velja golv og kjøkkenløysing sjølv, og får såleis prega bustaden din i større grad. 

Alle bustadane frå Fronta Bolig er allergivenlege og bruker lite energi. Som standard vert det installert eit ventilasjonsanlegg med 85% gjenvinning og spesialfilter for pollen. Bustadane er ekstra isolerte, noko som bidreg til eit lavt energiforbruk. 

Les meir om Vestlio bustadområde her. 

Se dette bildet i full størrelse
Fronta Bolig - Planteikning
Se dette bildet i full størrelse
Fronta Bolig - Planteikning

Logo