Kjøper opp hytter i Fitjarfjellet
Støy frå vindmøllene vil gjera at dei fire hyttene som blir liggjande i den planlagde Midtfjellet Vindpark ikkje kan brukast til rekreasjon og overnatting. Midtfjellet Vindkraft AS er no villig til å punga ut for å sikra seg hyttene.
[ Publisert: 28.09.06 kl. 07:00 ]
[ Oppdatert: 28.09.06 kl. 10:36 ]
[ Oppdatert: 28.09.06 kl. 10:36 ]
Ifølgje dagleg leiar Ole Vidar Lunde har tre av hytteeigarane akseptert tilbodet om innløysing.
Konsekvensutgreiinga for Midtfjellet Vindpark viser at fire hytter i Fitjarfjellet vil bli eksponert for støy høgare enn maksimalgrensa på 45 dBA som Statens forureiningstilsyn har sett for hytter. Følgja er at hyttene ikkje lenger vil vera eigna til rekreasjonsføremål dersom vindparken blir bygd ut. Vindkraftutbyggjarane freistar no å kjøpa opp alle hyttene, som er eigd av privatpersonar og hyttelag. To av bygningane ligg ved Kyrkjevatnet, ein ved Løkjen, og ei hytte står på Landasåta.
- Me prøver å få til minnelege ordningar med hytteeigarane. Så langt har me blitt samde om vilkåra for innløysing med tre av fire eigarar, opplyser dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde.
Eit avtaleutkast Sunnhordland har fått tilgang viser at selskapet er villig til å betala 300.000 kroner for Landahytto på Landasåta. Hyttelaget som eig Landahytto har akseptert tilbodet.
- Me tilbyr rimeleg gode oppgjer. Prisnivået er det same for alle hyttene, seier Ole Vidar Lunde.

Hytteeigarane får bruksrett
Innløysing og utbetaling av kjøpesummen vil først skje den dagen Midtfjellet Vindkraft har konsesjon på plass og fattar vedtak om å byggja vindmøller i Fitjarfjellet. Ifølgje Lunde tenkjer utbyggjarane i utgangspunket la bygga i fjellet bli ståande.
- Ei av hyttene er i så dårleg stand at me er usikre på kva me skal gjera med ho. Men dei andre har me ingen planar om å riva, seier fitjarbuen.
Dagens hytteeigarar får også bruksrett til bygningane, etter innløysinga er gjennomført.
- Dei har fått tilbod om å nytta bygga også etter at vindmøller er sett i drift. Dei kan då nytta dei som til dømes kaffistover og krypinn ved fjellturar. Dei kan derimot ikkje bruka bygningane som hytter, og hevda seg at dette er rekreasjonsplassar, seier Lunde.
Sunnhordland har vore i kontakt med den eine hytteeigaren som nektar å selja. Han stadfestar at han vil halda på hytta si. Utover det vil han ikkje kommentera saka.
- Vil Midtfjellet Vindkraft gjera nye framstøyt for å få hand om den fjerde og siste hytta også?
- Kanskje. Me får sjå, svarar dagleg leiar i selskapet.
Trur folk vil gå tur i vindparken
Lunde har tidlegare gjort eit poeng av at vegane i vindparken vil opna Fitjarfjellet for fleire turgåarar enn dei som nyttar seg av området i dag.
- Med så mykje støy frå vindmøllene at hyttene blir rekna som ueigna for opphald, vil fjellet då vera særleg attraktivt for rekreasjon og friluftsliv?
- Både ja og nei. Me har aldri lagt skjul på at vindmøllene vil laga lyd. Du vil ikkje kunna nytta ei hytte som permanent rekreasjonsstad på grunn av støyen, for i ei hytte ønskjer du det skal vera stille. Difor tilbyr me innløysing. Men om du klarer litt lyd, går det fint å leggja turen til fjells. Eg trur framleis mange vil nytta seg av området etter at vindmøller er sett i drift. Eg meiner det blir flott når folk til dømes kjem seg raskt til Kyrkjevatnet og kan slengja uti ein sluk der, sluttar Ole Vidar Lunde.

Iver Bunes
iver. bunessunnhordland.no
Alle dei 124 parteigarane i hyttelaget som eig Landahytto (biletet) røysta for eit sal til Midtfjellet Vindkraft AS. (Foto: Karl Gloppen)
Relaterte artiklar
Sunnhordland.no on Facebook