Musikkfest i Melkevik
Vare viser, reggae, rå blues, frisk og ny rock. Inntrykka er mange etter ei ny festivalhelg i Melkevik.
[ Publisert: 09.07.07 kl. 07:00 ]
Mange gleda seg til første dag av Melkevikfestivalen, for då skulle sagnomsuste Møllo Blues Band på scenen for første gong på 15 år. Sigurd Sele og dei andre i bandet gav alt, og fekk spontan tilbakemelding frå publikum.
Astrid Kloster har ei vakker røyst, og formidla fint dei vare stemningane i songane Kenneth Sivertsen komponerte.
Erik Moll er ein solid songar og dyktig låtskrivar. Han leverte ein sterk konsert under Melkevikfestivalen.
Astrid Kloster med band framførte musikk frå Kenneth Sivertsen på Melkevikfestivalen 2007. Kloster kjem med hyllingsplate i haust.
Solfrid Sivertsen (framme) og fleire andre av syskena til Kenneth Sivertsen fekk med seg hyllingskonserten frå Astrid Kloster. - Ei fin og spesiell oppleving for oss, sa forfattaren om konserten.
Jan Ingvar Toft heldt ein god konsert frå den vesle scenen under Melkevikfestivalen. Folk sat som sild i tønne for å få med seg den intense framføringa frå den første Vamp-vokalisten.
Relaterte artiklar
Sunnhordland.no on Facebook


