Prisdryss over Ingelin Røssland
I går var det Samlaget sin tur til å lansera bokhausten sin. Over 100 titlar, og som vanleg eit fint knippe lokale forfattarar på lista. Ingelin Røssland frå Tysnes kom ekstra i fokus, då ho både er aktuell med ny bok, og fekk Sigmund Skard-stipendet for 2007.
[ Publisert: 16.08.07 kl. 07:00 ]
- Eg har ei veldig blanda kjensle. Er rørt over all den merksemda eg vert til del, samstundes som det er smått latterleg at eg no fekk den fjerde prisen for året, smiler den unge forfattaren. Ho er berre ein kort avstikkar i Oslo. For ei god veke sidan reiste ho nemleg til Berlin.
På farten
- Det har inga anna årsak enn at eg trong å koma meg vekk for å skriva ei ny bok. Så kvifor ikkje Berlin? Eg blir der ein månad til, fortel tysnesingen som har vore ein del av redaksjonen i NRK Newton dei siste tre åra.
- Eg har sagt opp jobben i NRK. Målet har alltid vore å vera forfattar på heiltid, og no kjennest tida rett til å prøva det ut. Eg har allereie planlagt eit Argentina-opphald i desember og januar. Skal bu i Buenos Aires og skriva noko eg lenge har hatt lyst til. Det vert ei bok som skal ha både Sunnhordland og Argentina i seg. Og ei bok der tangoen skal få sin naturlege og velfortente plass, røpar Røssland. Men ho trur slett ikkje at dette vert noko for neste års haustslepp.
- Det er eit prosjekt som nok kjem til å ta litt tid.
Monstertante
Denne våren kom Røssland med boka "Monstertante".
- Det er ei historie for dei litt yngre unge. Passar nok best frå ti til tolv år. Det er første gongen eg skriv for eit så ungt publikum, men tilbakemeldingane er gode og salet har visstnok vore bra, seier forfattaren som debuterte med "Viss du vill" i 1998, og som no har fem bøker på cv-en.
"Monstertante" handlar om Julie som står framfor sin verste sommar. Foreldra skal til Kreta for å redda eit skrantande ekteskap, og Julie må på landet til tanta som hatar born. Kan det bli verre?
Nummer fire
Det er med ungdomsboka "Handgranateple" frå 2006 at Røssland for alvor har nådd ut til massane. Men også "Monstertante" har vorte godt motteken. Og prisane har hagla.
- Å få Ungdomsbokprisen, kåra av ein jury med hundre elevar, var nok det aller gjævaste.
I tillegg har ho fått Sunnmørsprisen (ein pris som også Ragnvald Vaage, Johannes Heggland, Rune Belsvik, Ragnar Hovland og Brit Bildøen har fått) og Guro Sandsdalens litteraturpris, før ho i går fekk Sigmund Skard-stipendet. Dei to førstnemnde var begge på 10.000 kroner. Det siste 25.000.
Bømlingen Finn Totland er redaktør for skjønlitterær produksjon i Samlaget. Han har også vore jurymedlem i vurderinga av Skard-stipendet. Og er mektig imponert over Ingelin Røssland.
Autentisk
- Ho er veldig dyktig til å skriva på ungdomane sine eigne premissar. Røssland skildrar rusbruk, seksualitet, familieproblem og venskap med eit svært truverdig språk. Eit språk prega av eit tøft ytre, men som veldig ofte skjular eit sårbart og usikkert indre. Heilt klart ein verdig vinnar, seier Totland.
PS! Unge som ventar på ei ny spenningsbok frå Atle Hansen kan gle seg. Det er berre veker att til "Skatten i Skutevika" kjem. Det er ein uavhengig oppfølgjar til Det kvite pulver som kom i fjor.
Ingelin Røssland frå Tysnes fekk i går Sigmund Skard-stipendet av forlagsdirektør i Samlaget, Nina Refseth.
Sunnhordland.no on Facebook


