Eit kinesisk festfyrverkeri
Musikarar med spennande kinesiske instrument skapte ei magisk og gøyal stemning i Stord Kulturhus måndag kveld.
[ Publisert: 05.09.07 kl. 07:30 ]
Dei 164 frammøtte fekk høyra verk av Edvard Grieg og kinesisk tradisjonsmusikk. Det blei to vakre timar med klangfullt samspel av Det Kinesiske Nasjonale Orkesteret og dei norske solistane sopran Bodil Arnesen, fløytist Steinar Ofsdal og fiolinist Catharina Chen. Konserten hadde fått tittelen "Grieg i kinesisk klangdrakt"
Dei 40 kinesarane i orkesteret starta konserten med Edvard Griegs "Peer Gynt Suite". Eit "unorsk" og meir leikent klangbilete blei skapt. Det skulle berre mangla, sidan kinesarane har særs interessante instrument, som til dømes dei kinesiske bogeinstrumenta.
Solveigs song
Den norske sopranen Bodil Arnesen var det einaste "heilnorske" innslaget i framsyninga. Ho song så truskuldig trufast og ekte som Solveig til Peer Gynt. Hennar lyriske sopran passa godt til Grieg si musikk. Samspelet mellom kinesarane og Arnesen fungerte også godt.
I komposisjonane "Draug" og "Gang" blei det skapt eit fyrverkerisampel mellom fløytist og komponist, Steinar Ofsdal og ensemblet. Det var imponerande å sjå Ofsdal i sving både som dirigent og spelar. Eg tykkjer komposisjonane blei tilført noko ekstra med kinesiske trommer, klimpreinstrument og tostrengs fiolinar.
Erhu Jin Yue og Zhao Cong spelte ein kinesisk samtidskomposisjon med tonegongar som kunne minna om både blues og bluegrass.
Det nasjonale kinesiske orkesteret vitja Kulturhuset måndag kveld. Mellom solistane var sopranen Bodil Arnesen.
Sunnhordland.no on Facebook


