Ein bit av månen har ramla ned
Jan Anders Presthus (7) har bokstaveleg talt fått månen på hjernen.
[ Publisert: 22.11.07 kl. 07:00 ]
– Det var tusenvis av folk, og så var det eg som vann. Det var utruleg fantastisk, seier Jan Anders Presthus frå Stord. Han og pappa Arild Presthus var i Grieghallen og såg astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard sitt astroshow sist søndag. På billettane vart det trekt ut ein svært sjeldan gjenstand. Ein bit av sjølvaste månen.
Jan Anders Presthus er veldig interessert i verdsrommet. Meteoritten kunne ikkje ha landa betre.
– Kva synest du om steinen?
– Eg er veldig nøgd med han, svarar sjuåringen med eit glad smil. Det gjorde nemleg ekstra godt. Han hadde pugga romkappløpet mellom Russland og USA frå 1950- til 1970-talet. Målet var å få vera med i Kvitt eller dobbelt slik storesøster Tina Presthus fekk. Han var skuffa då han ikkje ein gong vart kalla inn til intervju.
– Difor var det ekstra kjekt at han vann denne steinen, seier pappa Arild Presthus. Han er sjølv interessert i astronomi. Då Erik Tandberg vart utnemnd til riddar av St. Olav var Arild Presthus og sonen på plass i Oslo og fekk med seg eit romfartshow.
Les russisk
Jan Anders tenkjer ikkje berre på verdsrommet. Han spelar kornett, og fotball. På rommet hans er det mange bøker om teknikk og vitskap. Han har russiske bøker òg, som han kan lesa i. Der kan mamma hjelpa, for ho er frå Moskva. Midt på bordet ligg eit par svarte ballettsko. Jan Anders er einaste guten i klassen for klassisk ballett.
– Og så spelar eg sjakk med dei store på ungdomsskulen om måndagane, seier han og smiler utan særleg framtenner. Men akkurat no er det månevitskap som gjeld. Korleis kom den steinen seg til jorda, og kvar landa han? Presthus junior har nok å pønska på.
Jan Anders har vist steinen fram i klassen.
– Eg trur mange vart interesserte, seier han.
– Ein sprettande mann
Jan Anders fortel om astroshowet i Bergen og den engasjerte astronomen. Planetar, stjerner, galaksar og solsystem vart forklart. Dei hoppa i stolen då eksplosjonar og kollisjonar i verdsrommet vart illustrert.
– Kva synest du om astronomen?
– Det var ein veldig sprettande mann, synest eg, svarar Jan Anders. No ligg ei signert bok på bordet med helsing til Jan Anders med lukke til i universet sin dramatikk. Boka heiter "Bang!"
Sunnhordland.no on Facebook



