Sunnhordland

(Foto: Arkiv)

(Foto: Arkiv)

Ting bilete

Ministeren vil evaluera Fjord1

Det kjem fram i eit brev ho har sendt til stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn

Brevet er eit svar på nokre spørsmål som Sørfonn sende samferdsleminister Liv Signe Navarsete i samband med ferjene over Bjørnefjorden. Bakgrunnen for brevet er at han, og fleire med han, er frustrerte over gassferjene som er sette inn i drifta. Punkta han peikar på i brevet er dårleg regularitet, dårleg korrespondanse både med Kystbuss og med fly til og frå Flesland. - Me såg for oss ei heilt ny tid. Difor vart nedturen så stor for mange, seier Ingebrigt Sørfonn til Sunnhordland. Fjord1 sjølv avviste all kritikk, men no har samferdsleministeren altså sagt at drifta skal evaluerast.
- Etter som operatøren haustar erfaring med dei nye ferjene, ventar eg at dei i enda større grad vil følgje ruteplanen. Statens vegvesen som oppdragsgjevar vil evaluere dette første driftsåret i 2008, og følgje opp operatøren tettare i 2008, skriv Navarsete i brevet til Sørfonn. Sørfonn er nøgd med svaret han har fått.
 
Positivt for Sunnhordland
- Dette oppfattar eg som positivt for oss, for det har ikkje vore godt nok slik som det har vore. Eg har sjølv fått så mykje tilbakemeldingar frå folk som ikkje er nøgde, så dette må verta betre, seier han.
Elles i brevet frå ministeren står det at i kontrakten er det nemnt at om c-ferja er ute av drift, så skal ei reserveferje setjast inn når trafikkavviklinga seier det. Problemet er berre at det ikkje finst ferjer som går fort nok til å halda rutetidene. Men, vert det peika på i brevet, med berre to ferjer i drift no, er kapasiteten like stor som når det var fire ferjer der tidlegare. Det vert og vist til statistikk som seier at ikkje meir enn 0,09 prosent av frakta personbileiningar, noko som svarar til 1044 pbe, har stått igjen på kaien. Noko som er ein særs låg prosentdel. Det vert og peika på at rutetidene er endra på fleire gonger, mellom anna for at reisande frå Stord skal rekkja tidlegflya til Møre. Navarsete innrømmer og at det har vore problem med tilpassinga til korresponderande bussar ved overgang frå tre til fire ferjer.






Siste saker frå Sunnhordland.no

Løfta stemninga i taket

Løfta stemninga i taket

Revysjef Sigurd Sele gav alt i premieren på årets sommarrevy "Vaflar og Velstand."

Sommarhelg i Sunnhordland

Sommarhelg i Sunnhordland

Dei fleste stader får mellom 15 og 20 grader, seier meteorologen.


Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Såg ikkje snurten av ramslaukfluga

Asbjørn Knutsen fekk ein liten nedtur på botanisk ekspedisjon på Fitjar.

Går inn i helga utan planar

Går inn i helga utan planar

Kristbjørg Haugen (67) har ikkje bestemt seg. Sjekk planane til andre stordabuar.


Politiet ventar på DNA-svar

Politiet ventar på DNA-svar

Etterforskinga etter knivstikkinga på Kringsjå er så godt som ferdig.

Lunken til festivalpils

Lunken til festivalpils

Tysnesfest møter motstand hos barnevernstenesta i kommunen.