Deltek i internasjonalt bokprosjekt
– Det er ganske mykje arbeid. Me kan jo ikkje omsetja ord for ord, då kan det verta heilt løye.
[ Publisert: 11.01.08 kl. 07:30 ]
Per Skram, Kristin Steinsland og Jens Amit Vikanes Sørheim på Sagvåg skule, legg i desse dagar siste hand på arbeidet med å omsetja ei tysk biletbok til nynorsk. "Balthasar und die Bibliotheksfledermaus" er den tyske tittelen på boka som no skal få både nynorsk, fransk, italiensk og slovensk tekst. – Det har vore kjekt og lærerikt, seier dei tre.
– Me har brukt ordbøker på nettet, og har omsett frå engelsk. Originalmanuset er på tysk, men det vart for vanskeleg, så heldigvis fekk me eit spesialmanuskript på engelsk. Så har me delt inn manuset i kapittel som me har fordelt mellom oss, og så har me jobba med det. Det siste kapittelet skal me omsetja i lag. Me har også kunna gå inn på kvarandre sine sider og for å sjå kor langt dei andre to var komne, og for å samkøyra og hjelpa kvarandre og slikt. Det har vore ganske spennande, fortel Per Skram.
Han forklarar at dei har lese deler av teksten på engelsk før dei har starta omsetjinga. Dei kan ikkje ta ord for ord å omsetja frå engelsk til norsk.
– For eksempel så heiter det "she said" på engelsk. Men det kan me ikkje omsetja direkte til norsk, "ho sa". Då må me byta om til "sa ho". Det hadde vorte løye viss me skulle omsett direkte ord for ord, me må sjå samanhengen, smiler han. Han har til og med omsett frå sjukesenga då han var sjuk nokre dagar no etter nyttår.
– Kva handlar så boka om?
– Ho handlar om ein gut som har ein flaggermusven, og som likar seg så godt på biblioteket, fortel Kristin Steinsland. Ho har sjølv skrive fleire små bøker, og har lyst å halda fram med skrivinga. Alle tre er ivrige lesehestar, både mysterium, fakta om universet og fantasibøker står på menyen når dei skal kosa seg med å lesa.
Diskuterer dei siste detaljane. Jens Amit Vikanes Sørheim (nærast), Per Skram, rektor Lars Bakka og Kristin Steinsland på Sagvåg skule.
Legg siste handa på omsetjararbeidet: Kristin Steinsland, Per Skram og Jens Amit Vikanes Sørheim. Rektor Lars Bakka er med og drøftar.
Relaterte artiklar
Sunnhordland.no on Facebook


