Sjanti-siger på bortebane:
Tok hovudstaden med storm
– Dette var fantastisk kjekt, skrålar sjantifantane etter å ha løfta taket på Soria Moria under by:Larm-festivalen i Oslo.
[ Publisert: 25.02.08 kl. 07:00 ]
[ Oppdatert: 25.02.08 kl. 09:09 ]
[ Oppdatert: 25.02.08 kl. 09:09 ]
Storm Weather Shanty Choir fekk tildelt eit lokale langt utanfor festivalkjernen inne i Oslo sentrum. Dei var også farleg tidleg ute på laurdagsettermiddagen, med konsertstart kvart på seks. Det hindra ikkje dei seks tilreisande, med god hjelp frå eit framifrå bortepublikum, å løfta taket på Soria Moria. Koret frå Stord er meistrar til det. Løfta taket med hjelp i frå publikum, altså. Strengt teke finst det neppe nokon som klarar å lokka allsongen så lett ut av dei frammøtte, som dei seks ramsalte songarane frå Stord.
- Makalaust
Konserten laurdag var Storm Weather Shanty Choir sin andre opptreden i by:Larm-sirkuset. Forrige gong opna dei festivalen i Stavanger, i 2005.
- Dette var berre kjempe-fantastisk, skrålar ein hes Håkon Vatle, minuttar etter konsertslutt.
- Utruleg kult, legg resten av gjengen til.
Han som kosa mest på scena var nok likevel bursdagsbarnet Ronny Sætre.
- Dette var gøy. Vel så bra som 18-årsdagen, smiler jubilanten.
- Me var litt nervøse og usikre på om det skulle komma folk før start, då var det ekstra kjekt og sjå så mange kjende og ukjende kosa seg, held den nybakte 36-åringen fram.
Mange fans
- Dette var berre utruleg kjekt, smiler Ingeborg Vedøy (23).
23-åringen frå Stord har busett seg i Oslo og synst det var utruleg artig og få storfint besøk heimefrå.
- Håpar dei kjem fleire gongar, legg ho til.
Gudrunn Vad (21) hadde også teke turen frå Stord til tigerstaden for å få med seg sjantikoret.
- Konserten var dødsbra. Rett og slett. Koret fekk verkeleg opp stemninga, fortel Vad.
I motsetnad til veninna bur 21-åringen på Stord. Konserten var ein av grunnane til at ho valde å ta turen over fjellet.
tekst og foto: Marius Knutsen
Storm Weather Shanty Choir (f.v.): Vidar "Karaoke" Vedå, Rune Nesse, Roald Kaldestad, Ronny Sætre, Gisle Østrem og Håkon Vatle (framme i midten).
Relaterte artiklar
Sunnhordland.no on Facebook


