Nesten inne på utelivet
Å gå på toalettet når ein er på by`n på Stord, er ikkje enkelt for ein som er rørslehemma. Men først må dei koma seg inn.
[ Publisert: 11.04.08 kl. 07:00 ]
[ Oppdatert: 11.04.08 kl. 09:59 ]
[ Oppdatert: 11.04.08 kl. 09:59 ]
I samband med det kommande årsmøtet i Norges Handikapforbund Ungdom (NHFU), byrja førre veke eit prosjekt der representantar skal kartleggja tilhøva for ein rørsle- og funksjonshemma person på Stord. Palmar Olav Løklingholm (32) er leiar for NHFU region sørvest, fødd med ryggmargsbrokk og sit derfor i rullestol. Saman med rullestolbrukar Claire Benichou (27) som er multifunksjonelt handikappa, og Svenn-Endre Hannevig (20) som har celebral parese, var han fredag kveld ute på by`n for å sjekka tilhøva på nokre av utestadene. Ei liste med diverse sjekkpunkt var då god å ha.
Då me var attende seinare på kvelden, var toalettet på Tapperiet stroke. Og vonleg vert det slik frametter. Fv. Claire Benichou og Palmar Olav Løklingholm. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN.
Ikkje alle stader er det like lettvint å komme seg inn. På Barbar gjekk det fint. Fv. Claire Benichou, Palmar Olav Løklingholm og Svenn-Endre Hannevig. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN.
Claire Benichou spinn med hjula. Fortauskanten er for høg. Her må det litt hjelp til. Palmar Olav Løklingholm følgjer spent med. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Utanfor Tapperiet møter dei på nok ein hindring, skulle dei få lyst på ein utepils. F.v. Svenn-Endre Hannevig, Claire Benichou og Palmar Olav Løklingholm.
FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Bør synleggjera seg
Ikkje lett å komma seg opp til Den Blå Time om dei har lyst til å delta på quiz ein kveld. F.v. Palmar Olav Løklingholm,
Svenn-Endre Hannevig og Claire Benichou. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Å møte eit handikaptoalett okkupert av lagerutstyr er ikkje uvanleg, påpeikar Palmar Olav Løklingholm. Claire Benichou noterer . FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Ikkje lett å snu ein rullestol her inne. Handicap toalettet på Tapperiet var fullt av sceneutstyr. Claire Benichou kjem ikkje inn med rullestolen. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Sunnhordland.no on Facebook



