Sex, rumper og røff dans
Årets russ har verkeleg drege det ut i år, når det gjeld rumpehumor.
[ Publisert: 21.04.08 kl. 07:00 ]
Torsdag var det premiere på årets russerevy. Noko fall i smak, anna absolutt ikkje. Sjølve revyen opnar med "Thriller" av Michael Jackson. Til røff og rørslerik dans koreografert av Christin Kalve, snor russen seg om som dansande lik på scenen. Eit flott dansenummer, med gjennomførte kostyme og grøngule andlet.
Så går sketsjane sin gang. Nokre med gode poeng, andre med svært dårlege poeng, om det i det heile skulle vera eit poeng. At innleiande kommentarar frå IPX-gutane på sidelinja kjem dårleg lydmessig fram, kan nok vera ei årsak til dette. Publikumsresponsen er uansett stor når tre karar sit i sofaen og klør seg i skrittet, som følgje av ei "heit" natt på by`n helga før.
- Fekk du deg noko du òg altså?
Kameratane i sofaen spør ein fjerde kamerat som kjem inn på scena. Han klør han også.
- Ja, eg slokna i sofaen hos Kristoffer, og då eg vakna i så klødde eg sånn i rævo, er svaret. Publikum skrattar og ler, så morosamt er det visst.
Så kjem virustrolla. Tre troll dukkar opp og ned frå tønnene sine og syng dabadabadam. Søte troll forresten.
Parodien på Gitarkameratane er til dels morosam. Gode songrøyster har dei fire gutane som representerer dei iallfall. Kunne lett blitt eit flott musikalsk innslag aleine.
Som seg hør og bør er det alltid parodiar på lærarar, og då eg sjølv har gått på gymnaset så kjende eg faktisk att dei fleste figurane. At noko vert intern humor må ein berre rekna med på ein russerevy.
Ari Behn og Märhta-sketsjen er ein av dei betre. Dialogen er morosam, og Behn vert særs godt spela av Øyvind Kvarme. Både stemmebruk og mimikk liknar.
- Ta deg ein joint, det hjelper når du er trist som faen, seier Ari til Märta. Og publikum ler. Ja, den var morosam.
Ein kan ikkje kommentera årets russerevy utan å nemna eit spenstig dansenummer utført av russegutar i boxer-shorts, gjennomsiktige farga tights, og bar overkropp. Her får me skotsk folkedans gjennomført koreografert av Leif Erik Sæterdal. Gutane tek salto, gjer akrobatiske øvingar, og dansar med kjappe føter. Flott nummer.
At innslaget vert innleia ved at 12 gutar står med henda i lomma på kvarandre og stønner, var meir eller mindre uforståeleg. Når det då skal etterlikna "lommemannen" er ein igjen på tynn is over kva som eignar seg å spøkja med, synest eg då.
Etter dette følgjer ein del sketsjar. Dei fleste går på hårmangel, trusejakt, og spel på bare rumper.
Etter ein ti minuttars pause, får me presentert eit god sports- og nyheitsinnslag. Reportaren som vert spela av Kristoffer Lillestøl gjer ein morosam figur som Odd Karsten Tveit.
Mot slutten er det jentene som presenterer dans. Koreografien er det Magdalena From Delis som står for. Jentene er lettkledde og dansar i holete strømpebukser og korsett. Eit røft og stilig dansenummer. Bruk av blacklight gjer innslaget spenstig.
Litt samfunnsengasjement får me også servert, i form av pengemangel til skulebøker og open helsestasjon berre ein gong i veka. Innslaget som følgjer med bordtennisspel i slow-motion, med bruk av blacklight og svartlagt scene, var verkeleg bra. Avslutningsvis syng årets kull ein hyllest til rektor Egil Y. Bergesen akkompagnert av dyktige musikarar frå grava. Så stormar alle raudrussane scenen og jublar over nesten overstått vidaregåande skule. Sjikkelakke- ropet er sjølvsagt med.
Signe Kristin Hovland
Sunnhordland.no on Facebook


