Sunnhordland blir sannsynlegvis første avisa i Noreg som gjev ut ein singel til alle abonnentane sine.
[ Publisert: 26.05.08 kl. 07:30 ]
Storm Weather Shanty Choir stiller dermed i same klasse som Prince og Paul McCartney som begge har gjeve ut plater i engelske aviser. – Prince var den første artisten som gjorde det i britiske Mail on Sunday, fortel Roald Kaldestad. Han innrømmer at dei har vore inspirert av dei større artistane. – Det generelle platesalet er stupande. No handlar det om å få plata ut til flest mogleg, seier Håkon Vatle. Singelen blir ei gåve frå koret og Sunnhordland, og er trykt opp i eit opplag på 8.000. – Det var eit artig initiativ frå sjantikoret, og ein artig måte å gjera det på. Dei er gode ambassadørar for Stord og Sunnhordland, og me kan på denne måten vera med å støtta lokal kultur, seier ansvarleg redaktør Lars Mæland i Sunnhordland. Han reknar ikkje med at det blir noko daglegdags for mediehuset. Ros frå Slettemark Redaktør i bransjebladet Faro Journalen og tidlegare musikkmeldar i Sunnhordland, Asbjørn Slettemark, kjenner ikkje til andre aviser i Noreg som har delt ut singlar eller plater før. – I dagens musikkmarknad er alt som skaper merksemd positivt. Eg trur dette er ein kul måte for Vatle & Co å nå ut på. Dei er openbart nokon som tenkjer nytt. Det er ein god føresetnad for suksess. Det er alt for mange band som sit og berre ventar på å bli oppdaga, seier mannen som er mest kjend som Idol-dommar. Sølvguten Tom Waits Singelen har to versjonar av "Drunken Sailor", der den alternative versjonen er med kultrockaren Dave Cloud frå USA. – Han får Tom Waits til å høyra ut som ein sølvgut, kommenterer ein stolt Håkon Vatle. – Bård Ose skal ha kalla han Oddvard Torsheim ganga med to, legg Roald Kaldestad til. "Drunken Sailor" er ein av dei eldste sjantiane som er kjent. – Det er ein song me føler me har fått utruleg driv i, seier Roald Kaldestad. Barnesong Både Kaldestad og Vatle er påpasselege med å seia at songen òg høver for avhaldsmøte. – Moralen i songen er at det ikkje nyttar å drikka når ein skal på jobb neste dag, fortel Håkon Vatle. Og når det gjeld strofa "Put him in the bed with the captain's daughter", så roar Vatle med at dottera til kapteinen var kallenamnet på kapteinen sin pistol. Roald Kaldestad fortel at han lærte songen på Rommetveit skule i fjerde klasse, til liks med mange born i heile regionen. Sleppefestar Første sleppefesten til singelen blir på utestaden Jacobs i Bergen 31. mai. Singelen til sjantikoret blir gjeve ut i avisa 6. juni. Dagen etter er det sleppefest på Arena. – Det blir den einaste konserten på Stord før jul. Han kan ikkje lova noko platelansering før på nyåret, men går alt etter planen blir det sleppt ein singel på hausten.
Håkon Vatle og Roald Kaldestad viser fram singelen som kjem rett frå trykken.