Galskap for blanda kor
Både skjemt og alvor frå kammerkoret Gneis.
[ Publisert: 06.10.08 kl. 07:00 ]
Vestlandet står i fokus for koret til dirigent Tore Kloster. Vestlandske tonar og vestlandsk poesi. Men denne gongen tek dei seg nokre fridomar både aust- og nordover. Det byrjar høgstemt med Kristoffer Uppdal sin "Solsongen til Gölaug", tonesett av Per Indrehus. Og så held det fram med høgstemte, avanserte og nær sakrale korarrangement. Gneis er så vidt innom Geirr Tveitt-jubileet med "Vi skal ikkje sova burt sumarnatta". Olav H. Hauge blir feira firedobbelt, der to av fire dikt er tonesett av kvinnheringen Knut Vaage.
Vestlandet er meir enn berre alvor og nasjonalromantisk patos. Som vret skiftar det raskt, av og til nær umerkeleg, mellom humor og alvor. Slik er det òg med Gneis. Til den andre Vaage-komposisjonen, av Hauge-diktet "Kverni", la koret frå seg notane, og byrja røra på seg. Koret blei ei kvern i rørsle, både vokalt og kroppsleg. Eg lo inni meg.
Tredje og siste Vaage-komposisjon er til bestefar Ragnvald Vaage sitt dikt "Den lange svevnen". Etter dette var det klart for endå meir humor. Fjorårets Fartein Valen-stipendiat, Glenn Erik Haugland frå Os har laga korverket til Arild Nyquist-diktet "Blikket". Haugland kallar det sjølv for galskap for blanda kor. Og ein suggerande sungen galskap blei det.
Koret byrja miniturneen sin i Kulturhuset på Stord laurdag ettermiddag. Same kveld gjekk turen til Halsnøy Kloster, før biblioteket på Husnes stod for tur søndag. I kunsthallen sat det folk i vel 20 av dei 30 stolane som var sett fram. Det var berre så vidt at det ikkje var fleire i koret enn av publikum. Forhåpentleg høyrde fleire kvinnheringar sin eigen, store kordirigent.
Sunnhordland.no on Facebook


