Skuffande oppslutnad
Både norske og utanlandske leigearbeidarar glimra med sitt fråvær i årets første mai-tog på Leirvik.
[ Publisert: 01.05.09 kl. 13:08 ]
[ Oppdatert: 01.05.09 kl. 13:13 ]
[ Oppdatert: 01.05.09 kl. 13:13 ]
Fint vêr og 100-årsjubileum for arbeidarrørsla i Sunnhordland til trass - det var ikkje noko rekordoppslutnad i første mai-toget.
Trønderane Arve Kirketeig og Odd Arne Melgård, som jobbar i Kaefer Energy, var truleg dei to einaste utanom den faste kjernen.
– Me plar alltid markera første mai same kor me er, og oppmøtet her er vel om lag like dårleg som me er vane med, fortel dei to. Dei er skuffa over at dei ikkje klarte å få med seg fleire frå brakkene på Akerhus.
– Folk har jo fri, og me hadde ein runde i formiddag, utan hell, forklarar Melgård og Kirketeig.
Også arrangørane hadde ein runde tidlegare i veka for å mobilisera utanlandske arbeidarar. Heller ikkje det såg ut til å nytta. Dei einaste utanlandske arbeidarane som Sunnhordland observerte var ein gjeng som var meir opptekne av kva tid pubane opna, og eit par tilskodarar på "verftssyklar".
Rundt 150 personar møtte til frukost på Stord Hotell. Dei fleste av desse gjekk i tog til Borggarden, der Forbundsleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund, Erna C. Hagensen heldt hovudtalen. Ho gjekk kraftig til angrep på Høgre og Frp, som ho meiner er ein fare for arbeidarane sin rettar.
– Kampen mot arbeidsløyse er vår viktigaste oppgåve no framover, i tillegg til å sikra framleis raud-grøn regjering etter valet. Dette er også ein kamp mot fattigdomen, sa Hagensen. Ho skulda grådige kapitalistar og marknadskrefter for finanskrisa.
– Me treng ikkje Høgre sine svar for å koma gjennom krisa, uttalte ho vidare.
Det tradisjonelle parolene var sjølvsagt med i toget, alt frå "Arbeid til alle" via Israel ut av dei okkuperte områda, til miljøvern, nei til sosial dumping og nei til svekking av offentleg tenestepensjon. "Bevar sjukehuset" og "Sjukehus er helse - ikkje profitt" var også blant årets parolar.
Dagen vert feira vidare med samling i gruvene på Litlabø, og vert avslutta med jubileumsfest i Litlabø samfunnshus.
Les meir om årets første mai-markering i måndagens papirutgåve.
Berre den faste kjernen møtte opp i årets 1. mai-tog på Stord. Arrangørane klarte ikkje å mobilisera dei som hadde fridag og var på brakkene på Akerhus.


