- Og eg som var så godt i gang
Eg vert stadig minna om at maraton er langt. Til no har eg ikkje reflektert over det. Eg har rett og slett fryda meg over lange turar og ganske brukbar form. Sidan me starta trening og førbuing til den fargerike maraton-distansen i Frankrike seinhaustes har eg merka stor framgang. Første treningsturane var rundt Ådlandsvatnet. I følgje meir røynde maratonløparar så er distansen 1 mil. Dei første to månadene måtte eg stoppa på Stuva. Då hadde eg jogga rundt fem kilometer. På Stuva var det bøy og tøy gjekk dei siste kilometrane heim.
Ein gong eg følte meg ekstra pigg såg eg ingen grunn for å stoppa på Stuva. Eg jogga heilt heim. Sidan den tid var det ikkje snakk om stopp på Stuva.
Treningsekspert, Nils Hetleflåt, gjorde eit poeng av at me måtte ha ein langtur i veka. Eg tok turen frå Åsringen til Prestegardsskogen. Derifrå gjekk turen til Vatnadalen via Lunde og Haugland før eg tok vegen om Stuva og heim.
Denne langturen vart seinare utvida. Frå Vatnadalsvegen tok eg over til Ulvatjørndalen og Isdal. Vidare jogga eg på asfalten til Vassenden før eg tok turen gjennom Landåsen, Kattatveit og heim til Åsringen. Skulle gjerne vist kor langt det var. Har faktisk ein mobiltelefon som kunne fortalt det, men mangel på teknisk innsikt gjer at eg enno ikkje er sikker på distansen.
Dei siste vekene har eg knapt våga meg ut på landevegen. Vonde leggar gjer at eg må ty til ergometersykkel. Kjedeleg form for trening, men det må til. Eg prøvde meg litt med jogging i dag, men eg veit ikkje kor lurt det var. Smertene i leggen er der. Skepsis og frustrasjonen er i ferd med å festa grepet. Og eg som var så godt i gang. Heldigvis skal me ha nokre sommarmånader før me stiller på startstreken i Frankrike.
[ Publisert: 03.06.09 ]

ved Jarle Kaldråstøl
Send inn spørsmål!
Diskutér sport!
Lenkjer







