Rockar heile helga
Stord Rockeklubb slår på stortromma til helga. Både Nordavind og Hogheads skal i elden.
– Alle desse banda har tilknytting til Stord. Dette blir verkeleg ein happening for rockeinteresserte her på Stord, seier Kjetil Barane i Stord Rockeklubb som blei danna i vår. Han fortel at om stadig aukande medlemstal og godt oppmøte. Denne helga slår klubben til med arrangement to kveldar på rad.
Fredag entrar det lokale tributebandet Hogheads på Tapperiet, før Nordavind har releasekonsert i samband med sleppet av albumet "Bekning" på Arena laurdag. Dei får også med seg Torrid Cold og Gravemachine på scena.
Albumslepp
– Det nye albumet vårt er på veg ut i desse dagar, så det skal me feira laurdag. Eg kan i allefall lova at det blir liv, seier gitarist i Nordavind, Geir Hjelmen. Saman med Øystein Mikkelson, Irene Bjørke, Bjarne Høisæther, Håvard Tranøy og Arve Aleksandersen, er han klar til sceneshow for det lokale publikummet i helga.
– Me har faktisk aldri spelt heime på Stord før, så dette blir spanande, seier Hjelmen. Han skildrar musikken som ei blanding av folk-, black-, og viking-metal.
– Dessutan er det kjempegreier at me har fått med oss Torrid Cold og Grave Machine, seier gitaristen.


