Aksjonerer mot Skyss
– Me vert oppfordra til å ta bussen og la bilen stå.
[ Publisert: 04.06.09 kl. 12:48 ]
[ Oppdatert: 04.06.09 kl. 12:57 ]
[ Oppdatert: 04.06.09 kl. 12:57 ]
- Men då må dei ikkje kutta avgangar. Leiar i Stord Raud Ungdom og 2. kandidat på stortingslista frå Hordaland, Lone Lunemann Jørgensen, er oppgjeven over det nye busstilbodet frå Skyss.
– Frå 1. mai er busstilbodet mellom Skjersholmane og Leirvik borte, og det er altfor få nattbussar som går, meiner ho.
I morgon tidleg klokka halv sju vil ho, saman med ein gjeng ungdommar, difor aksjonera på bussterminalen på Leirvik. Dei vil spandera kaffi på reisande og fortelja kva dei meiner om dei offentlege kommunikasjonsmidlane.
– Det handlar om at fylkeskommunen er meir oppteken av å spara pengar enn av å gjeva eit godt og tenleg busstilbod til publikum. Stord er faktisk ein by, med både ein stor vidaregåande skule og eit stort høgskulemiljø, begge med studentar som er storbrukarar av offentlege transportmiddel. Då bør dei offentlege kommunikasjonane vera deretter, slår ho fast.
Ho peikar på paradokset i at transportsektoren er ein av dei største miljøsyndarane samstundes som politikarane oppfordrar oss til å reisa kollektivt.
– Men då må me ha kollektive transportmiddel å reisa med, poengterer ho.
I tillegg til kaffi får dei reisande ein bodskap med kaffikoppen der dei vert oppmoda om å krevja fleire avgangar.
Sunnhordland.no on Facebook



