Bjørn Arve Lunde er klar med bark og barkebåtbasseng når laurdagen kjem. Ein populær aktivitet mellom dei minste.
Museumsmoro for alle aldrar
Barkebåtar, kjolemønster og strikketøy er nokre av ingrediensane når dørene vert opna på vidt gap i museet på Stord laurdag.
Relaterte artiklar
[ Publisert: 01.09.09 kl. 18:00 ]
[ Oppdatert: 01.09.09 kl. 20:22 ]
[ Oppdatert: 01.09.09 kl. 20:22 ]
Det populære barkebåt-bassenget vil vera på plass i år òg, fortel Bjørn Arve Lunde, som vil stå for "Pust i pøsen" og spikking av barkebåtar i lag med Hans Andersen. Astrid Elin Lønning og Johanne Øvstebø Tvedten vil samla folk rundt seg i Ådlandstova og fortelja eventyr om jenter som redda seg sjølve og andre fordi dei kunne sy.
Kvinnehandverk
"Frå heimastrikk til sybutikk" er overskrifta når Sunnhordland Museum inviterer til open dag 5. september. Med ei festdrakt frå Aarskog museum i Fitjar og ein kjole frå Nistovetunet i Omvikedalen som utgangspunkt fortel Johanne Øvstebø Tvedten om litt av det som ventar dei som tek turen innom.
NettTV: Lærer ungar å skyta med rognebær
– Me har henta fram og vil ta vare på kvinnehandverk i regionen vår. Eg visste at der var fine klede i Nistovetunet i Omvikedalen. No har me fått hit denne drakta som Martha J. Hjelmeland sydde for omtrent 80 år sidan. Denne har me fått skreddaren, Randi Anuglen, til å teikna mønster etter. Dermed er det mogleg å skaffa seg ein kjole etter gammalt mønster, fortel Øvstebø Tvedten. Også festkleda frå Fitjar er det teikna mønster etter.
Strikkehistorie
Ei stor og artig strikkeutstilling blir også å sjå - frå ei tid då strikking og sying var ein viktig del kvinna sin kvardag fordi kleda vart laga heime.
Utstillinga viser m.a. kor flittige folk var til å bøta og reparera tøyet. Strikketrøya frå Tysnes i glasmonteren overgår alle dei andre og er litt av eit syn.
Pilfletting
Tore Lande Moe har funne fram snodige ting frå museet som folk skal få prøva å gissa på kva er. Monica Sanchez vil halda kåseri om sjølvsydde barneklede som vart butikk.
Lise Nordfonn Angeltveit og Drude Isene viser kunsten å fletta med pil, og dette kan folk få vera med på kvar heile time i Stolmastova. I Futastova vert det baka lefser og kinna smør, og i museumshallen kan ein sleppa seg nedpå mellom slaga og kjøpa seg mat og drikke mellom slaga.
Arrangørar er Sunnhordland Museum i samarbeid med Stord Husflidslag.

