Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Dugnad for øvingslokale

Tilgjengelege øvingslokale er ein luksus få lokale band har høve til å unna seg. Dette vil Stord Rockeklubb gjera noko med.

– Me ønskjer å investera i øvingscontainerar. Desse har ein prislapp på 127.000 kroner per stykk. Kommunen har lova å hjelpa oss med tomt, men pengane til sjølve containeren må me skaffa sjølv, for budsjettet for i år er tomt, fortel leiar Kjetil Barane i Stord Rockeklubb. 
Forbod i kjellarstova
 
Fredag er det difor duka for jam i Arena på Leirvik, der inngangspengane er øyremerka til dette føremålet.
 
– Containerane er dyre. Men me får setja oss delmål og prøva å skaffa oss éin i første omgang. For ein stad å øva er avgjerande. I dag er det sånn at mange får lov til å øva heime i kjellarstova hos mamma og pappa eit par gonger. Men så er det slutt, smiler han.
 
Rockesjefen utelukkar ikkje at dei vil koka saman fleire rockehappeningar i tida som kjem, nettopp for å skrapa saman pengar til øvingsfasilitetar.
 
– Gode, gamle Stordrock er førebiletet. På 80-talet svinga det verkeleg på den lokale rockescenen, med mange band og stor interesse. Kanskje klarar me å lokka fram band som Stressless og Termoztat - i tillegg til alle dei nye, lovande musikarane som er på veg opp og fram, seier Barane.
 
Rikt musikkliv
 
I tillegg til fredagens jam har rockeklubben teke initiativ til ei musikalsk miljøsamling, med rom for både profesjonelle og amatørar.
 
– Ei uformell samling for å spleisa saman dei ulike aktørane i eit rikt, lokalt musikkliv, seier Barane.
 
Veteranen Per Inge Stensletten, blant anna med bakgrunn frå bluesbandet Tubesnakes, er glad for initiativet.
 
– Me sit litt for mykje på kvart vårt nes. Dette kan vera eit fint høve til å koma saman og dela erfaringar, og profittera på det, seier Stensletten.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Spytta på drosjesjåfør

20. mai 2012 10:01
Denne mannen er ustoppeleg

Denne mannen er ustoppeleg

19. mai 2012 17:50

Trafikkuhell på Stord

19. mai 2012 13:10

Slo politimann

19. mai 2012 09:30
- Såg UFO-ar over Kattnakken

- Såg UFO-ar over Kattnakken

19. mai 2012 09:52

Biletserie

Hair

A-Å