Stord-regissør på DVD
Kjersti Steinsbø sin kortfilm "Liten knute" er no å finna på DVD.
[ Publisert: 11.09.09 kl. 12:28 ]
[ Oppdatert: 11.09.09 kl. 13:05 ]
[ Oppdatert: 11.09.09 kl. 13:05 ]
Norsk Filminstitutt (Nfi) lanserar ved jamne mellomrom DVD-ar fulle av kortfilmar frå unge norske filmskaparar. Nyleg er "Dusinet Fullt" og "Norsk Kort 008" (med tilsaman 23 kortfilmar) lagd ut for sal.
På sistnemnde finn me m.a. Stord-kvinna Kjersti Steinsbø sin 13 minuttar lange "Liten knute" (basert på ei novelle av Gunhild Øyehaug). Denne blei presentert med stor suksess på Kortfilmfestivalen i Grimstad i fjor.
Etter å ha sett "Liten knute" er det ikkje fritt for at ein alt byrjar å gle seg til å sjå kva talentfulle Steinsbø vil koma med i åra framover. Filminstituttet fortener ros for å samla nye kortfilmar og presentera dei på denne måten. Slik sett er DVD-en ein ideell måte for nye filmskaparar å nå ut til massane på.
Sunnhordland.no on Facebook


