35-åringen nekta skuld, men er no dømt til 45 dagar fengsel, 30.000 kroner i erstatning til mannen som fekk nasen sin kløyvd og 4.000 kroner i sakskostnader. Midt på natta Tiltalte var på grillfest natt til 24. mai i år. Rundt midnatt drog han saman med ein nabo til Fitjar Fjordhotell. Der møtte han på mannen som han skulle skambita nasen til. Begge var rusa, og kom i krangel. Dei heldt kvarandre i jakkeslaga. Tiltalte tok hovudet til fornærma mellom hendene sine, og beit han i nasen så nasevingen vart delt. Dette var klokka halv tre om natta, utanfor fjordhotellet. Såret var freista sydd med tre sting. I rettsdokumentet står det at nasevingebrusken er defekt, og at det difor har oppstått eit monaleg trinn som må verta korrigert. Tre vitne Tiltalte fortalde i retten at han ikkje hugsar noko frå fjordhotellet. Han hugsar ikkje å ha møtt fornærma, og meiner at dersom han har bite, så må det ha vore i sjølvforsvar. Retten trudde på fornærma, og på vitne som såg det som hende. Det vart ikkje ført bevis for at 35-åringen beit i sjølvforsvar. Retten reknar med at tiltalte ikkje hugsar noko på grunn av rus, og minner om hovudregelen i norsk rett. Ein vert dømt som om ein var edru under handlinga.