Fitjar skyttarlag har kring 40 rekrutteringsskyttarar som driv med innandørs miniatyrskyting med luftgevær på ulikt nivå. Dei har både Samlagsmeistrar og Hordameistrar. Rekrutteringslaget til Fitjar tok også gull i lagskyting i Hordameisterskapen i baneskyting no i år. Om hausten og vinteren der dei i kjellaren i Ungdomshuset, medan dei er på skytebanen i Årskog om våren og sommaren der dei trenar med kal 22 og 6,5. Fitjar skyttarlag har etter måten svært mange unge skyttarar, og søkjer Fitjar kommune om midlar til husleige, straum og ammunisjon til ungdomsskyttarane.