Utrykkingspolitiet (UP), hadde torsdag ettermiddag trafikkontroll på E39 ved Engevik, i Fitjar. UP hadde kontroll i området i nesten fire timar i 60-sonen ved Engevik. Det blei reagert mot 17 bilførarar. Ein sjåfør var så hard på gassen at han fekk førarkortet sitt kverrsett etter å ha blitt målt til 97 kilometer i timen i denne 60-sona. Ifølgje dei offisielle satsane kostar det 6.500 kroner å køyra mellom 21 og 25 km/t fortare enn grensa i ei 60-sone. Dagens travle bilist, som kanskje var litt seint ute til ferja, køyrde heile 37 km/t for fort. Dermed vert det truleg opp til juristane og rettsinstansane å avgjera kor mykje vedkomande må betala.