– Me har snakka om det i eit par månader, men det har vore litt fram og tilbake. Etter nyttår snakka me med Arne Helle, me kom raskt i dialog og vart einige, seier Lars Åge Myhre. Han er no styreleiar i selskapet. Saman med Arild Haukanes og Gunnar Gjerde har han kjøpt ein tredel av selskapet. Kurt Arne Tyse i Stord eiendom og Magnar Aaland i Advantec AS har og kjøpt kvar sin tredel. Myhre lovar ingen endringar med det fyrste. – Det vert ingen endringar. Me kjem til å ha same plasseringa og same verksemd, seier Myhre. Pengemaskin Comfort Stord, og kjent som Stord Rørleggerforretning, er retta inn mot privat- og servicemarknaden. I dei seinare åra har selskapet levert strålande resultat. I 2008, som er dei siste tilgjengelige tala, hadde selskapet 30,1 millionar kroner i driftsinntekter, og dei sat att med nesten 2,2 millionar kroner i driftsresultat, viser tal frå Proff Forvalt. I 2007 var inntektene fire millionar kroner høgare, medan resultatet var 300.000 kroner svakare. Kor mykje dei måtte ut med, vil ikkje den nye styreleiaren seia noko om. – Det er ein konfidensiell avtale, så då må alle partar vera einige om å gå ut med talet, er alt Myhre vil seia. – Men er det ein god avtale? – Det vil framtida vise. Tapar me pengar, er det ikkje det. Tenar me pengar, er det ein god avtale, seier han. Men han innrømmer at det er ein viss risiko involvert. Vil utnytta ekspertisen – 2010 og 2011 ser ruglete ut. Men i eit langsiktig perspektiv så håpar me dette er ein fornuftig ting, seier Myhre. – Eg trur at Stord Rørleggerforretning er så godt innarbeidd hjå folk, at sjølv om det er ein sjanse å ta, så skal me koma oss igjennom ein slik periode, seier Myhre. Kurt Arne Tyse i Stord Eiendom AS seier at dei no kan dra med seg kompetansen til Stord Rørleggerforretning tidlegare inn i byggjeprosessen. – Me er storforbrukarar på dette tenesteområdet. Og ut ifrå den konstellasjonen som det vart ut av det, såg me på dette som ei interessant investering, seier Tyse. For dei har ikkje vore på leiting etter ein partnar innan dette feltet. – For oss var dette ein moglegheit som dukka opp, seier Tyse. Han gjer ikkje dette for å få rimelegare tenester. – Me er ein forholdsvis stor utbyggjar. Og no kan me utnytta ekspertisen deira på eit tidlegare tidpunkt i byggjeprosjekta våre, sluttar Tyse. Magnar Aaland var ikkje tilgjengelig for kommentar måndag.