Styreleiaren for Eni Noreg heiter Sverre Garman Bore og er frå Stord. Han vil ikkje kommentera tildelinga av Goliat-kontrakten til sørkoreanske Hyundai. – Eg ser ingen grunn til å seia noko. – Men det er du som er sjefen for det heile, som styreleiar? – Ja, det stemmer. – Gjer det at du kjem frå Stord det ekstra vanskeleg å seia noko om tildelinga? – Dette er ein politikk me har. Viss fleire uttalar seg, kan det koma forskjellig informasjon. Difor føretrekkjer me å samla alt på ein stad. Kommunikasjonssjef i Eni Noreg, Andreas Wulff, stadfestar at avgjersla om å tildela kontrakten til Hyundai er teke i Noreg. – Ikkje dumping Wulff tilbakeviser skuldingane frå Aker Solutions-tillitsvalde om prisdumping frå Hyundai. DEBATT:Dumpingtilbod? – Me har fått ei veldig detaljert oversikt over prosjektet frå dei. Det er snakk om verdas største verft som har bygd 15 tilsvarande plattformer til alle verdas hav. Dei har òg erfaring med bygging i arktiske strok. Me er trygge på at me får dette levert som avtalt. Like reglar Eni Noreg skriv at kontrakten blei tildelt gjennom ein anbodskonkurranse i tråd med norske og internasjonale innkjøpsprosedyrar. Ifølgje Wulff baserer kontrakten seg på standarden "Norsk Totalkontrakt 07". Tidlegare opna denne for nasjonale krav og preferansar, men etter EØS-avtalen blei det ikkje mogleg å ta dette med. – Men er ein nøydd til å ta omsyn til EØS-reglement når ein har med Sør-Korea å gjera? Og kva veit de om eventuelle statlege subsidiar i landet? – Når me lyste ut anbodet, var det for å skapa like spelereglar. Me følgjer internasjonale reglar og kan ikkje forfordela på bakgrunn av geografisk tilhøyrsle. – Er det garantert at det ikkje ligg statlege subsidiar i tilbodet frå Hyundai? – Det kan eg ikkje uttala meg om. Men skuldinga om prisdumping vil me tilbakevisa. Konkurransedyktig Heile Goliat-utbygginga er kostnadsrekna til 28,5 milliardar kroner. Halvparten av kontraktsverdiane er allereie tildelt norsk leverandørindustri, ifølgje Eni Noreg. – Det viser at norsk leverandørindustri er konkurransedyktig. Aker Solutions vann ein milliardkontrakt før jul, og norsk leverandørindustri vil i høgste grad vera med å kjempa om dei 22 prosentane av kontraktane som står att å tildela, avsluttar Wulff.