Sunnhordland

Hundre år med skipsfart

12. FEBRUAR i år er det på dagen 100 år sidan Haugesund Rederiforening vart skipa. Jubileumsåret skal mellom anna høgtidast med ei stor utstilling i Karmsund Folkemuseum. Utstillinga er laga i samarbeid med folkemuseet, og syner korleis den lokale skipsfarten har utvikla seg dei siste hundre åra.

STATISTIKKEN
over skip i ordre for medlemsreiarlaga i Haugesund Rederiforening, og den innmeldte flåten i foreningen, syner at det har vore stor byggjeaktivitet dei siste åra. Som ein følgje av byggjeaktiviteten har den innmeldte flåten i 2009 vakse til 158 skip. Desse måler samla nær 3,5 millionar dødvekttonn, eller kring 2,4 millionar bruttotonn, og har ein samla verdi på 35,5 millardar kroner. Dette tyder at Haugesund Rederiforening går inn i jubileumsåret med ein større flåte enn nokon gong før.

SJØLV OM
reiarane er medlemer i Haugesund Rederiforening, og båtane registrert i Haugesund (eller utlandet), er det ikkje alle som har kontora sine i Haugesund. Fleire av medlemsreiarlaga har tilknyting til opplandet kring Haugesund, også lokale større og mindre reiarlag i Sunnordland. Det som likevel er viktig er at den maritime verksemda knytt til reiarlaga også har vore viktig for regionen, noko som speglar seg av i aktiviteten i Maritimt forum for Haugalandet og Sunnhordland.

TAL SOM
ligg føre syner at maritim verksemd, inklusive aktiviteten i reiarlaga, er særs viktig for regionen. Omsetninga knytt til denne aktiviteten er ein bærebjelke i næringslivet i Sunnhordland og på Haugalandet. Og sjølv om medlemsreiarlaga i Haugesund Rederiforening fekk merka finanskrisa i 2009, er det grunn til å tru at det utetter i jubileumsåret vil letta noko for dei sjøfarande, sjølv om den maritime næringa på land kan gå ei vanskeleg tid i møte.

HAUGESUND
Rederiforening har bygd seg opp gjennom 100 år, og er i dag ein sterk organisasjon. Me ynskjer jubilanten til lukke med jubileet, og reknar med framleis vekst og fornying.



Siste saker frå Sunnhordland.no

Arbeidsuhell på Kværner Stord

Arbeidsuhell på Kværner Stord

Til alt hell var det ingen personar i nærleiken under uhellet på verftet tysdag etter­middag.

Han får årets seniorpris

Han får årets seniorpris

Eldrerådet hadde eit lett val, då dei berre fekk éin kandidat på bordet.


Sju år har gått mellom desse bileta

Sju år har gått mellom desse bileta

Sjekk video av ein ung – og ein litt eldre – Odin Alexander Larsen (15) på to hjul i Hustrudalen.

Slik skal han få fleire med i politikken

Slik skal han få fleire med i politikken

Ordføraren på Bømlo er open for å leggja ein halv million på bordet for å få inn nye fjes i kommune­­­styresalen.


Tok fartssyndarar ved Raunholm

Tok fartssyndarar ved Raunholm

Ein bilførar mista førarkortet – fleire andre må punga ut etter kontroll på E39 i dag.

Fabian (12) yngstebror til start

Fabian (12) yngstebror til start

Familien Sørli Birkeland stilte med heile tre brør på start­streken under vestlands­meisterskapen i Hustrudalen.