Idar Helland frå Stord enda på 18. plass totalt i det prestisjetunge Sentrumsløpet i Oslo laurdag. Helland - som spring for SK Vidar - fullførte den 10 kilometer lange løypa på tida 0.33,05. – Eit greitt løp. Eg er nøgd, ettersom dette var min første 10 kilometer nokon gong, seier Helland. Sentrumsløpet, som vart skipa til for første gong i 1981, går gjennom Oslo-gatene. I år var det deltakarrekord, med heile 6.500 påmelde.