Heilt på jordet
Bil av vegen på Tysnes
[ Publisert: 17.07.10 kl. 18:02 ]
[ Oppdatert: 17.07.10 kl. 18:26 ]
[ Oppdatert: 17.07.10 kl. 18:26 ]
TYSNES: Ein bil køyrde av vegen og stod ute på eit jorde klokka 08.50 laurdag morgon på Riksveg 39 ved Dallandsbrekko på Våge på Tysnes. Politiet hadde ein patrulje på staden for å skjekka kvifor bilen var der, og bilen blei teken opp derfrå. Vegen var stengt i ein halv time.
Det er oppretta sak, og politiet vil undersøka kva som gjorde at bilen havna på jordet. Det er ein mann på 33 år som eig bilen, men operasjonsleiar Erik Gjesdal veit ikkje om det var han som køyrde bilen. Gjesdal kan heller ikkje fortella om føraren av bilen er mistekt for å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand, eller om mannen blei skada i utforkøyringa.
Vilde Hjertholm Lunde


