Tysnes song- og musikkråd har sendt eit brev til rådmannen der dei peikar på at løyvingane til rådet, som er på 114.000 kroner i året, har stått stille i minst 15 år. Årsmøtet i rådet ber difor politikarar og administrasjon om å sjå om det er mogeleg å auka stønaden minst i tråd med den generelle prisstiginga i samfunnet. – Dette er kjærkomne midlar som vert nytta på beste måte for å fremja song og musikk mellom born og vaksne, skriv leiar Arve Belt i brevet.