Ole Grindvik hadde det forvitnelege ordet hølp med seg då han kom att frå ein tur til Fitjar. Og jammen må me vera samde med Ole i at substantivet hølp ikkje nett er noko kvardagsord. I Jens Møllerup Meidell si bok "Samling med kalleord", finn me det i tydinga "storkar". Hølpen vart brukt om "dei fine" i samfunnet, og ofte vart den som ville halda seg inne med hølpen, sett litt ned på. Ein skulle kjenna plassen sin. Ordet hølp (og varianten hylp) har vore brukt både på Fitjar og Stord om "en uformelig klodset Tingest; især om altfor dybe Kar":"Da va ein hølp (hylp) te båt" (Ross). Dette ordet har så utvikla seg vidare, og etter kvart kome til å karakterisera ein som vil vera litt sværare enn andre. Det har òg vore nytta pejorativt (i nedsetjande tyding) om ein "fattig-fornem Bymand" (Ross). Ordet hølp/hylp er såleis brukt både om ein som høyrer naturleg til blant "dei fine", som folk sa før, og om ein som vil vera litt fornem og difor strevar for å koma seg oppover på den sosiale rangstigen. Slik har hølp vore ei nemning både for den som legg ut på ei klassereise, og den som av ymse grunnar allereie er godt etablert "på toppen". Det finst ikkje lenger skilnad på folk. Den politiske utviklinga i landet vårt har gjort sitt til at hølp og liknande ord i dag høyrer fortida til. Like fullt var det i sommar Ole kom heim frå Fitjar-turen med dette ordet. Så det er framleis liv i det. Gustav Rasmussen har feriert på Tysnes og der har han møtt på ordet hop. Me kan berre konstatera at begge bidragsytarane våre til fulle syner at eit reiseminne slett ikkje treng å ta opp plass i kufferten. Ein hop er ei "smal vik, ein vinkel mellom to bryggjer". Det norrøne substantivet hópr er framleis i bruk på Island der det tyder "brei bukt ved elvemunning". Grunntydinga til ordet er truleg "noko som er bøygt". Me finn t.d. det usamansette namnet Hop i Bergen. Ein del sunnhordlendingar heiter Hope, og dette namnet er ei dativform av ordet hop. Slike gamle dativendingar er det mange av i norske stadnamn. Me kan nemna Hauge av haug, Dale av dalog Haga av hage. Elles er samansette namn som inneheld ordet hop, temmeleg vanlege på Vestlandet. I Mathopen fortel fyrstelekken om fiskerikdom, og det er same ordet me finn i namnet Masfjorden. Tidlegare har truleg denne fjorden heitt Matrsfjorden, og før det igjen berre Matr, "fjorden som gjev mat, den fiskerike fjorden". Namnet Matre har same opphav. I Sunnhordland vert hop også nytta i tydinga "sameige". Namn som Hopoldrana ved Tuftalandsvatnet i Fitjar viser til eit hogstområde mange var saman om. Skulle det fellast tre i dette olderfeltet, var det best å gå fleire i lag for å kontrollera at alt gjekk skikkeleg for seg. Det var lite skog her før, så veden var verdfull. Hopabrudnen var vasskjelda til alle bruka i Sørfodno og såleis felleseige, og Hopastykkjet på Eide var òg ein ressurs gardane hadde i hop. Her kunne dei ta ut det dei trong av t.d. brakje, lyng, mose og einstape (ondebort).