Travle dagar for rockarane
Stord Rockeklubb trør til med to konsertar og fire band på to kveldar.
Torsdag får Stord Rockeklubb vitjing av tre band. Eitt av dei er heilnorsk, eitt har medlemmer både frå Noreg og England og eitt er frå England.
Det engelske bandet heiter Fragments Of Faith og har base i London. Dette er eit band som i likskap med dei andre to er spådd ei lysande framtid slik at det vert spanande å følgja banda framover.
Det heilnorske bandet heiter Goliathon og er etter kvart eit velkjent band i sin sjanger. Her er det medlemmer frå Haugalandet, Bømlo og Bergen.
Det siste bandet heiter Reism og består av både norske og engelske medlemmer.
– Bandet har den eminente vokalisten Kirsten Jørgensen som har studert vokal på sjølvaste Liverpool Institute for Performing Arts i front. Det var i den samband bandet blei starta i 2004 og held no på med innspeling av nytt album, fortel Kjetil Barane i Stord Rockeklubb. Alt dagen etter har rockeklubben nytt arrangement og køyrer då på med konsert med lokale Gasket, med Severin Eskeland i spissen.
Begge konsertane skjer på stamstaden Tapperiet, og før fredagens konsert med Gasket er det høve for kven som helst å jamma litt på scenen.

