NETT-TV: Sjå innslaget vårt om Stord-ungdommane som lærte å rappa på to dagar.
Det var rapparen Torstein Hyl frå gruppa Side Brok som tok dei unge stordabuane i skule denne veka - i regi av Falturiltu-festivalen.
– Dei vart skikkeleg flinke. Eg har prøvd dette før, men aldri på så kort tid. Eigentleg er det heilt koko. Fascinerande at ungdomane greier gjera så mykje på berre to dagar. Det hadde aldri eg klart, skryt Torstein Hyl, eller Runar Gudnasson, som han eigentleg heiter.
Og kva rappa ungdommane om?
– Vår gruppe har skrive om kjærleik, familie og venner, seier skuleeleven Synne Ankervold.
Sjå det artige tv-innslaget her.
Sjå Side Brok sin fabelaktige hit "1 2 3 Fyre" her.
Det er nok artistar å velja mellom når Songlaget Stordabuen no let publikum velja speleliste.
Frisørelevane på Stord vgs. hadde ein dårleg hårdag. No er tilbodet historie.
Omfattande skadar på skule, og innbrot i kafé.