Nektar for sniknedlegging
Adm. dir. i Helse Fonna, Kari Ugland, avviste i går overfor Kvinnherad kommunestyre at det ligg føre planar i kulissane om sniknedlegging av Valen sjukehus.
Det var Lars Magnar Bjelland (Ap) som utfordra fonna-direk-tør Ugland om helseføretaket sine planar.
– Er det slik å forstå at de byggjer opp psykiatrien i Haugesund og på Stord og at de har planar om å byggja ned på Valen, spurde Bjelland.
Direktøren viste til at talet på behandla pasientar ved Valen sjukehus hadde vore aukande. Sjølv om ho la vekt på at talet på psykiatripasientar som får behandling vil auka, sa ho ikkje noko spesifikt om Valen sjukehus i denne samahengen.
Kari Ugland, vedgjekk at Valen sjukehus har eit godt omdøme med gode fagfolk på mange område. Men ho understreka det også ved dette sjukehuset finst utfordringar.
Struktur
Med dei store endringane innan psykiatrien følgjer det også med ein ny kultur innan dette viktige helseområdet. Verda har forandra seg og det lyt me ta innover oss. Nye medisinar og behandlingsmåtar har forandra mykje, forklara direktøren.
Gunn Mari Moberg (H) spurde om Valen sjukehus ville verta berørt av dei 16 millionane kronene som Helse Fonna skal spara innan psykiatrien.
– Sjølv om det kan sjå ut som det vert behov for å spara, ligg ikkje Helse Fonna lågare enn andre helseføretak, påpeika Ugland.
– I 2010 klarte helseføretaket vårt å koma ut med budsjettbalanse, men me veit at 2011 vert utfordrande på mange område også økonomisk. Om det vert innstraming innan psykiatrien i 2011, kan eg ikkje svara på i dag sidan saka ikkje er ferdigbehandla av styret. Eg trur ikkje det no vil koma store strukturelle endringar, konkluderte Ugland.


