Sunnhordland

Aktuelt

Dine sider

Papirutgåva

Les papiravisa som PDF

Tenester

Sunnhordland

Bjørn Hellfuck kjem til Stord 14. mai.

Ting bilete

Hellfuck til Stord

Bjørn Hellfuck, minnekonsert og meisterskap i pop og rock. Helga før 17. mai vert travel for dei musikkinteresserte på Stord.

Mannen med maska frå Bergen, Bjørn Hellfuck, skal halda konsert på Arena laurdag 14. mai.

Ifølgje Kjetil Barane i Stord Rockeklubb tar Hellfuck med seg sine gamle slagerar til konserten, samt materiale frå hans komande album.
Dette vert den einaste konserten til Hellfuck i distriktet på denne sida av sommaren.
Konserten med Hellfuck er ein del av hendingsrike dagar på musikkfronten på Stord.

Meisterskap
Torsdag 12. mai er det klart for Sunnhordlandsmesterskap i pop og rock 2011. Her stiller heile 12 band opp for å konkurrera om tittelen og publikumsprisen.
Dei 12 er: Kuria (Bømlo), Abzurd (Stord), 4ADAMAS (Stord), Purple Monkey Dishwasher (Stord), Wotankeld (Bømlo), Evolver (Stord), Vision (Kvinnherad), Delirus (Sveio), Three and a half men (Stord), Aina Hatlevik m/band (Stord), Out Blue (Stord) og NiteRain (Stord/Oslo).

Minnekonsert
Fredag den 13. mai vert det også konsert på Arena. Sidan det 16. mai er eitt år sidan Ronnie James Dio gjekk bort, ynskjer rockeklubben å arrangere ein minnekonsert for å gjera ære på hans minne.

Då speler paDIOna frå Stavanger, eit tributeband til Dio. Dessutan skal Yearstones vere supportband.

– Dette blir ein minnerik kveld, seier Barane.

Siste saker frå Sunnhordland.no

Spytta på drosjesjåfør

20. mai 2012 10:01
Denne mannen er ustoppeleg

Denne mannen er ustoppeleg

19. mai 2012 17:50

Trafikkuhell på Stord

19. mai 2012 13:10

Slo politimann

19. mai 2012 09:30
- Såg UFO-ar over Kattnakken

- Såg UFO-ar over Kattnakken

19. mai 2012 09:52

Biletserie

Hair

A-Å