Treff for eldre

Stad: Buneset 9, 5410 Sagvåg
Dato: 25. august 2016 -
15. juni 2017
Tid: Frå kl. 11.00 til kl. 13.30
Arrangør: Tilrettelagt fritid, Kulturtenester, Stord kommune
Nettside: www.stord.kommune.no
Har du ledig tid og lyst til å bruka den saman med andre?

Tilrettelagt fritid, Stord kommune, inviterer til Treff for eldre i Buneset 9 5410 Sagvåg , og håpar at du vil vera med oss.
Treffet er kvar onsdag frå kl. 11.00 til kl. 13.30.

Tilbodet kostar kr. 50,- kvar gong, og inkluderer eit lett måltid, kaffi/te og til dømes ein runde med Bingo.
Det er ynskjeleg at deltakarane etter kvart tek med småting til gevinstar
Det vil òg bli rom for andre aktivitetar – alt etter kva ynskje deltakarane har.

Transport: Kvar må syta for transport til/frå treffet sjølv.
Er dette noko for deg?

Ta kontakt med Margunn, telefon 900 18 404 og meld deg på.
Vel møtt!

Helsing
Margunn Hamre Vassdal, Tilrettelagt fritid og dei frivillige ved tilbodet.