Miljøpersonell i medleverturnus

Arbeidsgjevar

Jentespranget AS

Stad

Stord

Søknadsfrist

27. januar 2017
Vi søker etter ein vaksen person, helst med helse- og sosialkompetanse på høgskulenivå og med relevant praksis. Gjerne med vidareutdanning i miljøterapi eller anna relevant tilleggskompetanse, og innan psykiatri.

Det er ynskjeleg at søkar har erfaring frå ungdom med emosjonelle/psykiske vanskar.
Vi vil legge vekt på eigenskaper som personleg tryggheit, stabilitet og evne til å romme og tåle ungdommane sine utfordringar over tid. Vi ynskjer å rekruttere engasjerte og løysningsorienterte medarbeidarar med gode evner til samarbeid og som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Du må ha ein livssituasjon som tillater at du kan «bu på jobb» over vekselvis 3 og 4 døgn, etterfulgt av ein friperiode på ei veke.

Vi oppfordrar spesielt menn til å søke!

Vi skal tilsette inntil 4 medarbeidarar, både faglærte og ufaglærte, og vil legge vekt på korleis søkarane passer inn i personalgruppa og det enkelte team. For stillinga må ein ha utvida politiattest og førarkort.

For nærare opplysningar kan du kontakte Gro Valvatne mobil 922 82 260 eller Gro Bommen mobil 930 62 924.
Sjå og vår heimeside www.jentespranget.no

Skriftleg søknad med CV sendast innan 27.01.2017 til:
Jentespranget AS, Postboks 344, 5402 Stord eller via mail post@jentespranget.no
Publisert: 06.01.2017