Data-/netthjelp for eldre/seniorar

Stad: Kulturhuset, møterom 1, 2.etg.
Dato: 17. januar 2017 -
04. april 2017
Tid: 11:00 - 13:00
Arrangør: Stord Frivilligsentral
Nettside: http://www.stord.frivilligsentral.no
Treng du hjelp – eller vil du lære meir?

Frivilligsentralen i Stord tilbyr data-/netthjelp til eldre/seniorar.
Tysdagar frå kl 11:00 - 13:00 i Kulturhuset.

Data-/netthjelp er ein kjekk og sosial møteplass for eldre/seniorar, der ein kan få hjelp og bistand med utfordringar ved bruk at PC/Nettbrett eller telefon. Ingen spørsmål er dumme og uansett kva utgangspunkt og kunnskapsnivå du har på nett/data så er du like velkommen.

Det vert lagt opp til ulike temadagar der ulike aktørar og personar vert invitert inn til å hjelpe, samt vert det opne dagar for personleg datahjelp der du kan få hjelp til akkurat det du lurar på. Ta med eigen PC/Nettbrett/Telefon.

Eksempel tema og problemstillingar kan vere:
- Korleis nettbanken fungerar?
- Korleis fungerar sosiale medier som Facebook, snapchat etc.?
- Korleis nyttar eg Word og Excel?
- Korleis lastar eg opp bileter frå telefon og kamera til PC/Mac?
- Kva bør eg tenkje på viss eg skal kjøpe ny PC/Nettbrett/Mac
- Kva er Digipost, og korleis får eg dette?

Det vert høve til å kjøpe kaffi og noko attåt for 10,- kroner.

Har du spørsmål, eller ynskjer du melde inn forslag til tema? Ring Frivilligsentralen på tlf.: 90 73 70 62