Lars og Ola Bremnes

Stad: Bømlo kulturhus, storsalen
Dato: 04. februar 2017
Tid: 20.00
Arrangør: Bømlo kulturhus
Nettside: www.bomlokulturhus.no
Kvar for seg og saman har dei skrive nokre av dei mest elska songane i landet. Til konserten i februar har dei med seg eit program med både nye og gamle perler frå begge artistane, klassikarar frå solo- og felles plater. Dette er også ein sjeldan anledning til å møta brødrane saman på scenen. Med seg har dei sin faste gitarist, bodømannen Terje Nohr, Ola si nyaste plate «Molo» og Lars sin nyaste hit «Elias sang».

Lars Bremnes er tekstforfattar, låtskrivar og visesongar. Han har skrive songen som er blitt ein moderne favoritt i nordnorske bryllaup: «Å kunne æ skrive». I 2015 kom skiva «Himmel nok til alle» til strålandes kritikkar og hans siste singel – og video «Elias sang» handlar om flyktningkatastrofen og har gått sin seiersgong på sosiale medier både i inn – og utland med fleire 100-tusen visningar.

Ola Bremnes er musikar, forfattar og trubadur. Han vaks opp i Svolvær, og bur no i Kvæfjord i Troms. Han er mannen bak den songen som har ligge lengst på Norsktoppen, heile 95 veker: «Mi pia. Din gutt». Ola Bremnes har utgitt soloplater og plater saman med søsknene Lars og Kari Bremnes. Ola er skaparen til «Har du fyr» som Hekla Stålstrenger har gjort «verdskjent» i Norge.