Heia Flåklypa!

Stad: Bømlo kulturhus, storsalen
Dato: 06. februar 2017
Tid: 18.00
Arrangør: Bømlo kulturhus
Nettside: www.bomlokulturhus.no
Dra meg baklengs inn i fuglekassa! Endeleg vert det teater av Solan, Ludvig og Reodor Felgen si verd! Førsteklasses familieunderhaldning - både for gamle Flåklypa-fans og nye tilhengarar.

Den tradisjonsrike mjølkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deira representant Emanuel Desperados vinn. Men det går skumle rykter om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda. Samstundes står det gode gamle meieriet i fare for å verta seld til storkapitalen. Desperados får dessutan tilbod om å kasta for konkurrenten. Her er det nokon som ikkje har rent mjøl i posen. Kven står bak? Korleis har dei tenkt å røva til seg sigeren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjera for å forhindra katastrofen?

Med ei herleg historie og mykje song og musikk, skal dei kjende og kjære skikkelsane til Kjell Aukrust få liv på scena. Aukrust har fanga den norske folkesjela, seiest det, og no skal Riksteatret fanga det norske folk. Endeleg skal det avgjerast kven som er best, Flåklypa eller Oslo!

Etter framsyninga kan du helsa på karakterane i Flåklypa. Kven veit, kanskje det også vert ein mjølkespannkastekonkurranse i kulturhuset?

Framsyningslengd: 2 timar (inkludert pause)
Passar for born frå 5 år
På scena
Simon Andersen, Nils Johnson, Ingolf Karinen, Daniel Karlsson, Peter Brandt Kippersund, Kikki Stormo og Frank Ole Sætrang.

Team
Basert på Kjell Aukrust sine bøker. Manus: Gorm Jenseg. Regissør: Lars Erik Holter. Scenograf: Dordi Strøm. Kostymedesigner: Ingrid Nylander. Komponist: Marius Podolski. Lysdesigner: Arne Lindberget. Videodesigner: Åsmund Bøe. Dramaturg: Tine Thomassen.