Heia Flåklypa!

Stad: Stord kulturhus, storsalen
Dato: 08. februar 2017
Tid: 18.00
Arrangør: Stord kulturhus
Nettside: www.stord.kulturhus.no
Dra meg baklengs inn i fuglekassa!

Endeleg blir det teater av verda til Solan, Ludvig og Reodor Felgens! Førsteklasses familieunderhaldning - både for gamle Flåklypa-fans og nye tilhengarar.

Den tradisjonelle melkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deira representant Emanuel Desperados går av med sigeren. Men det går skumle rykte om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda. Samtidig står det gode gamle meieriet i fare for å bli selt til storkapitalen. Desperados får dessutan tilbod om å kasta for konkurrenten. Her er det nokon som ikkje har reint mjøl i posen. Kven står bak? Korleis har dei tenkt å røva til seg sigeren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjera for å forhindra katastrofen?

Med ein herleg historie og mykje song og musikk, skal Kjell Aukrust sine kjente og kjære skikkelsar få liv på scenen. Aukrust har fanga den norske folkesjela, seiest det, og no skal Riksteatret fanga det norske folket. Endeleg skal det avgjerast kven som er best, Flåklypa eller Oslo!
Etter framsyninga kan du helsa på karakterane i Flåklypa. Kven vet, kanskje det også blir ein melkespannkastekonkurransen på ditt kulturhus?

Framsyninga varer i 2 timar (inkludert pause).

Høver for barn fra 5 år.

På scenen:
Simon Andersen, Nils Johnson, Ingolf Karinen, Daniel Karlsson, Peter Brandt Kippersund, Kikki Stormo og Frank Ole Sætrang.

Basert på Kjell Aukrust sine bøker. Manus: Gorm Jenseg. Regissør: Lars Erik Holter. Scenograf: Dordi Strøm. Kostymedesignar: Ingrid Nylander. Komponist: Marius Podolski. Lysdesigner: Arne Lindberget. Videodesignar: Åsmund Bøe. Dramaturg: Tine Thomassen.

Urpremiere 29. september på Riksteatret i Nydalen. Turnépremiere 5. oktober i Tynset

På turné til 70 steder høsten 2016 og våren 2017.
Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret. Blir spelt på Nationaltheatret frå juni 2017.