Helse- og sosialsjef

Arbeidsgjevar

Fitjar kommune

Søknadsfrist

25. februar 2017
Fitjar kommune er inne i ei svært positiv utvikling. Innbyggjartalet (3100) aukar og me er ein vekstkommune. Det lokale næringslivet har godt med arbeid. Ledige tomtar til hus og hytter ligg for sal i attraktive områder av kommunen. Det vert gitt gode tenester til innbyggjarane innan helse og oppvekst.

Fitjar kommune søkjer ny

helse- og sosialsjef
Den som vert tilsett vil få ei viktig rolle når me skal utvikla tenestene for framtida.
Helse- og sosialsjefen har ansvar for det faglige innhaldet i verksemda i tillegg til økonomi-, budsjett- og personalansvar.
Helse- og sosialsjefen rapporterer til rådmannen og er del av leiargruppa.
Helse- og sosialadministrasjonen står for saks-handsaming, utgreiingar og rapporteringar, og består i tillegg av ein seniorrådgjevar.

I etaten er det kring 200 tilsette som utfører kring 125 årsverk.

Sjå www.fitjar.kommune.no/stilling
Publisert: 13.02.2017