Klangboltane syng amerikansk på norsk

Stad: Osvald Pub
Dato: 17. februar 2017 -
18. februar 2017
Tid: 20.00
Arrangør: Osvald Pub
Nettside: https://www.facebook.com/events/1894165250852987/1894165257519653/?notif_t=like¬if_id=1484078010863242
Når Klangboltane samlast i grishuset til Pellen søndagskvelden for å øva på gamle kystmelodiar og viser frå grisgrendte strøk, hender det gjerne at me vert sitjande med eitkvart oppbyggjeleg i glaset og syngja gamle køntrislagerar i staden for. Då hender det rett som det er at einslege mannetårer byrjar renne ned værbitte kinn og at dei varmaste bamseklemmar vert utdelt på spontant og ublygt vis. Ja, me vert rett og slett litt salige.

No må de ikkje tru at det er alle boltar forunt å syngja stødig på utanlandsk. Dette tok far og son Olsen (som trass alt jobbar i skuleverket) konsekvensen av og dikta om ei rekkje av våre amerikanske favorittar til godt forståeleg og syngbart grishusmål.

Denne helga kan de oppleva fantastiske songar av høvdingar som Johnny Cash, Hank Williams, Willie Nelson, John Prine og Kris Kristoffersen, i Klangboltane sine eigne gjendikta versjonar.