Olsen & Jensens visefest 2017

Stad: Osvald Pub/Arena
Dato: 24. februar 2017 -
25. februar 2017
Arrangør: Olsen & Jensens viseklubb
Nettside: https://www.facebook.com/olsenjensens/
Då viseklubben i fjor feira sine første fem ei helg til endes, vart me fort einige om at dette er for kjekt til å vente for lenge med å gjenta. Så då er jo den saken biff. Her kjem Olsen & Jensens visefest 2017! I år som i fjor samarbeidar me med Osvald Pub og Bakeriet Frugård. Og no som då lovar me ei helg med fantastisk musikk.