Løp for livet-konsert

Stad: Bømlohallen
Dato: 05. mars 2017
Tid: 18.00
Arrangør: Løp for livet
Nettside: https://www.facebook.com/events/201969456938555/
Russen ved Bømlo vidaregåande skule har gjennom ei årrekkje engasjert seg i kreftsaka. På eige initiativ arrangerer me kvart år aksjonen som me kallar ”Løp for livet”. Dette starta då ein av elevane ved skulen fekk kreft, og medelevane hadde eit sterkt ynskje om å gjere noko for denne eleven, og andre i same situasjon. Løp for Livet er no på det 29 året og dette unike prosjektet fortsetter i år med minst like stor iver for å samle inn så mykje pengar så mulig.

5.mars inviterer Løp for Livet til den årlige konserten til inntekt til for kreftsaka. Konserten vil finna stad i Bømlohallen, klokka 18:00. Dette er eit av våre hovudarrangement og me håpar at så mange som mulig vil ta turen. Me kan lova ein underhaldande konsert med mange flinke artistar! I år slår me til med blant anna Morgan Sulele, TenSing Bømlo, Unicorn Crew og Åsmund Nesse. I tillegg har me Jógvan Brimheim Gunnarsson som vår konferansier. Set av datoen, dette blir kjekt! Ta med venner, familie og besteforeldre og kom på tidenes konsert!